Uteleik

… ein variant av uteliv. Mykje vêr forrige døgn…

Gutane som kom heim frå barnehagen på måndag var ikkje like vêrsjuke som mor i huset. Dei ville ut! Det blæs og det regna og det BLÆS og det REGNA – men slaget var over før det hadde byrja. Ut vart det. Grøftegraving og kaste isoporkuler som ligg strødd over heile nes ut i vatnet som rann forbi. All leik med vatn er suksess… og eg trur dei minste to gutane hadde det kjekt og =)

Ikkje kvardagskost å sjå rennande vatn på so nært hald på Nes.

Mykje vatn og temperaturar langt inn på pluss-sida tok knekken på mesteparten av snøen vår, og jammen er grønfargen allereie byrja å vise seg på markene: