Ein haustar som ein sår…

To litt småsnufsne gutar i dag. Host og hark. Då teke me ein heimedag frå barnehagen… Litt smått med matlysta, forståeleg nok, heldigvis kompenserar eg for dei og smået heile dagen når eg går her heime og trør. Men det er no kjekt å by på litt ekstra når formen ikkje er på topp, alle reglar og normer er som tekne av vinden.

«Kva skal me ete til frukost i dag då?», prøvar eg meg. Ingen kommentar. Ikkje «takktol» ein gong. «Her er alternativa. Brødskive?» «NEEEI». «Kva med graut, som de et alle andre dagar?» «NEEI». Den såg eg komme, men hadde trumfkort i ermet. «Men mamma kan lage VAFLER med havregryn og me kan kose oss?» «NEEEI». Den såg eg ikkje komme. «Jammen kva har de lyst på i dag då gutar?»…. «KAKE». Jepp, eg haustar som eg sår. «Nei, kan ikkje ete kake til frukost. Me må ha skikkeleg mat i magen?» BÆÆÆÆ (som tyder bær, og er deira ord for alt med bær i – og her truleg i tyding youghurt.». «Ja, men bær skal de få gutar»…

Eg måtte innrømme at youghurt var eit utmerka godt val, alt anna teke i betraktning, problemet var berre at det var tomt for youghurt i kjøleskåpet. Men klokka var jo nesten 9, so me vart einige om å ta ein tur på bui. Under påklednings/bleiebytings-rituale gløymer ein fort kvifor ein skulle kle på seg, men ut døri kom me, og inn på prix so fort dørane var opna.

Forbi brushyllene. «Tysta» seier bror 2 som sete i handlekorgi. Dei likar ikkje brus, men dei har i alle fall fått med seg at det er drikka. «Tysta» seier bror 1 som vetlevaksen går med liti handlekorg hakk i hælane på meg – idet me passerar ølreolane. «Ja, vaksentysta» svarar eg. Og utan å tenkje meg om:»pappa sin tysta ditta». Me handlar brød og mjølk, BÆÆÆÆÆ i fleire variantar, bleier, graut og våtserviettar. Idet me passerar øl-reolane for andre gong, peikar begge gutane på øl-boksane, og ropar stolte i kor: «PAPPA TYSTA»…. jadda, ein haustar det ein sår – del 2.

Eg kan nemne at i forrige skuletime i pedagogikk gjekk me grundig gjennom kriterium for måloppnåing. Låg måloppnåing krev berre reproduksjon av kjent material. Middels måloppnåing krev at ein brukar eigne ord og uttrykk og kanskje ser laust linjer og samanhengar. Høg måloppnåing set krav om refleksjon og evna til eigen konklusjon.

I det eg nærma meg kassen for å betale høyrde eg eit stort krasj bak meg, og snur meg i det eit høgt tårn med kinder-påskeharar sklir ut av stilling, krasjar i golvet og harane reiser i alle retningar. «Oi, mamma» seier bror 1, som tydelegvis har eit stykkje at før har kan sertifiserast med handlevognlappen, men som brukar eigne ord og uttrykk. Det vil seie middels måloppnåing.

Han er raskt ned på kne og byrjar å plukke oppatt, og eg kan trekkje følgjande konklusjon der eg og krabbar rundt blant eldre herremenn som handlar tidleg på morgonen. Evna til å sjå konsekvensen kom ikkje før ulukka var eit faktum, men handlinga for å gjere noko med det var kjappare enn lynet. Då seier me høg måloppnåing på det. Det med refleksjon er vanskeleg å tolke, men truleg lærde han at krasjar ein i sjololadestablar tidleg på morgonen, er belønninga ein påskehare av sjokolade til kvar bror om ein er med å ryddar oppatt rotet etterpå.

Mine erfaringar? At det ikkje var so pineleg som eg trudde å krabbe rundt på butikkgolvet og plukke oppatt det me reiv ned, og at sjokoladepåskeharane er komme i butikkhyllene mange veker for tidleg i år og…

Related Post

2 Comments