Heggmyri Rett Vest og andre skiaktivitetar

På Nes har det ikkje komme meir enn ca 3 cm siste dagane – me har med andre ord framleis ishelle og glatta å styre med.

Snøskille laurdag såg me tydeleg:

Heggmyri Rett Ned skulle gå av stabelen, det var sol og mykje folk rekna me med, so omsider kom me oss ut i bilen og tok turen. Måtte leite eit stund etter eit akebrett før me for, det var «tatt av vinden» og eg var ikkje optimistisk, men det hadde berre blæse rundt eit par hjørner og låg på andre sida av huset.

Tortur å vere på Heggmyrane utan ski, men gutane forstod ikkje kva eg sukka etter…

… me hadde då med oss både bøtte, spa og gravemaskin. Og som ein bonus dukka onkel opp og leika med dei. Kunne det bli betre?

Kven som vann eller datt veit me lite om, men me fekk med oss veka-sjefen som køyrde ned heile løypa i boxer og hettejakke. Såg kaldt ut.

I går var det endeleg SKI for meg og, og metervis med pudder. Her er før avspark, ein munter gjeng =)

2 Comments