Spareri

Forrige gong me var i banken med sparebøssene våre måtte eg veksle inn eit par tjuekroningar i kronestykkjer i kassen fyrst, slek at gutane fekk noko å putte på bøssene før me skulle tømme dei.

Klok av skade har me sia den dagen jamnt og trutt delt ut ei krone her og ei krone der. I dag knekte bror 2 koden. Etter utallige sprell og fall byrja eg tru at bøssa var uknuseleg, og det er ho truleg, men det er ikkje låsen.Krasj bom bang og kronestykkjer over heile golvet.

Det positive er at me tydelegvis har spart mange kroner siste månadane. Det ikkje fullt so positivt er at etter å ha putta halvparten av pengane på golvet over på ei anna bøsse vart bror 2 lei, og heiv heller pengane under sofaen. Det er litt for tidleg å slutte å spare når han ikkje fyller 2 år før til våren. Deretter gjekk han strake vegen og henta broren si sparebøsse, tok rennfart og smelte ho i govlet. Usikker på om det er positivt eller negativt – meiner han at når han ikkje lenger har gul bøsse skal heller ikkje broren ha det? Eller skal han teste om teorien hans stemmer på fleire bøsser, og slek bevis at tesene hans er korrekte?

Uansett konklusjon, no kom soli på Nes, me må komme oss ut. Og ja før eg gløymer det, duuuuuu Tante, me treng ei ny sparebøsse…

2 Comments