Nytt år =)

Siste offisielle fridagen på ei stund i dag. Og det er bra. Skulle me hatt fri mykje lenger no, hadde eg seriøst trengt ferie…  =)

Me har aka oss inn i det nye året dei siste dagane. Flotte snøforhold her på Nes, då er det alle mann ut! Sol og fint =)

PICT9157

Middagen i dag ville gutane innta hos oldemor på Sperla, so då reiste me dit. Farging på og rundt golvet vart rolegaste aktiviteten, eller i alle fall den aktiviteten med minst slosting =)

PICT9211

Og me måtte ake litt på Sperla og, aking er alltid vellukka. Fulle fart. Eg gledar meg til alle i familien kan springe oppatt bakkane sjølve mellom kvar tur. Men då gjeld vel det meg sjølv og, so eg ser ikkje at det skjer i aller nærmaste framtid =)

PICT9185

Frå alle oss til alle dikka, med ønskje om eit retteleg

**    GODT  NYTT  ÅR   ***

3 Comments