Veke 11 – Sparkling

No har ikkje snikkarane meir dei kan gjere på huset vårt før listinga – so me har berre å henge i med pussing, sparkling, måling, tapetisering og golvlegging. Jo før jo heller =)

trapperommet og "vindfanget"

Alle takplater og sponplater er komne der dei skal vere! 

Eg byrja å pusse å pusse og sparkle i kveld, har teke kjøkken, stover og ein tredjedel av gangen. Håpar å ta resten i måro – åsso får me sjå viss Erling blir med meg litt på laurdag om me byrjar med tapet eller måling – er vel lika gale alt, so same kva me byrjar med =)

mi fantastiske sparkling

Slek ser då våre kjære vegger ut etter sparklinga. Kanskje me berre skal ha det slek? hehe…

 

Foringane på glasa våre er komne og – og du verden kor mykje dette gjorde for inntrykket av både glas og rom! Og gjett kor gla eg er for at foringane kjem ferdigmålte =)

Det var det for i kveld! Magne er fortsatt i krigen – og i helga skal han til Volda på volleyball – men hanl ligg visst 50 dugnadstimar føre meg – so eg har litt å ta atte =)

One Comment