God søster og God Jul

Der var julafta over oss – og eg lyte få seie ein ting til før klokka kimar jula inn…

Eg har nemleg ei super fantastisk søster – som fylte år i går – gratulere so mykje med dagen som var. Eg tek av meg hatten for deg… i år og. Du venta svigers på middag frammi dalen, og styra på med kalkun og tilbehør, og likevel fekk du med deg din kjære og tok deg tid til å komme ens ærend inn på Nes og henta to halvsjuke småtroll – slik at eg og min kjære fekk spy i fred.

IMGP1987

Etter at spyinga gav seg fekk me i tillegg sove i fred – og sov heilt til no – og er, takka vere deg, nesten oppegåande. Kva skulle eg gjort utan den fantastiske syster mi? Eg vakna med verdas største smil om munnen i dag – og kunne ikkje komme på ein einaste ting å klage over…. og DET seier ein heil del. Det er teikn på at  julefreda har senka seg over Nes.

Til alle våre gode naboar, familie og venner – håpar de får ei like god julefeiring som meg =)

GOD JUL

5 Comments