No kan jula komme…

Ei munter klagehistorie er i emninga…

I dagens tekst undrar eg over følgjande:
– kva gjorde eg på før i tida då eg aldri hadde tid til noko som helst nokon gong? Eg hadde jo kun meg sjølv å tenkje på?
– kor bra må ein EIGENTLEG ha det før ein ikkje har noko å klage over?
– kor mykje kostar det å utvide gongen med eit alt-muleg-hiv-i-frå-seg-ting-rom som kunne teke undå alt som «dett» ut av nevane når me kjem inn døra?

Julekvia og julestrida er nærmast over, og kvelden før kvelden før kvelden er her.  O kom du søte juletid. Eg kan herved berolige alle stressa supermammaer over det ganske land – ingen har gjort mindre til jul enn meg.

Eg har nesten rydda 3/4 av kjøkkendiskane mine, teke ut av oppvaskmaskina som eg ikkje ein gong hugsar kva dag eg sette på og bada gutane. Det får telje som årets julevask. Huskaniner,hybelelefantar og andre snabeldyr: de er trygge eit år til…

Dei 4 nissane som er stabla i høgdi oppå fyrstikkøskjene på peishylla, samt dei 4 som held mine daude blomar i overlysvindauga i tv-stova utan tv med selskap, ei julestjerne som ikkje lyser som heng i glaset, nokre raude hjerter med pepperkake-liknande pynt på som eg ikkje kan hugse eg har kjøpt heng øve gardinstengene, og nokre stjerner som faktisk lyser heng i trappeoppgangen. Samt treet som mine tre gutar pynta i kveld – det er årets julepynt. Alle juledukane, julegardinene og alt anna jule-relatert som ligg kveila på varmekablane på vaskerommet skal få lov til å oppatt på loftet – eller kvar det var det kom frå.

Julebaksten står i ovnen – ei firkløverkake. Den er til mi kjære syster som fyller år i måro. Meir baking blir det ikkje i år. Eg har ikkje eingong kjøpt den obligatoriske boksen med pepperkakedeig som eg aldri får tid til å bake ut og brukar stå i kjøleskåpet til eg hiver han eingong før eller etter påske. Men det er sikkert noko anna som blir ståande heilt til påske, so eg er trygg på at noko får eg hive løll…

Eg fekk juleferie for ei tid tilbake, og hadde sett av dagen i dag og i går til arbeid innahus. To ungar som endeleg fekk omgangssjuka sette eit brå stoppar for alle planar eg måtte ha. Men kva gjere vel det? Sanneleg blir det jul likevel. Og eg gledar meg,  både til å sjå dei minste angripe pakkehaugen, og til at dei minste har so mange dei skal ha merksemda til at dei ikkje kan klive over meg støtt og stadig og peike på at, ja, mamma har nase ho og. Og Øyje. Som nokon gonger tyder øyra og nokon gonger auga, etter kor heldig ein er og kva fart fingeren har når han kjem. Men ALLER mest gledar eg meg til å legge meg på sofaen og berre ikkje gjere nokon ting. DET er julestemning det.

Siste skrik innan tvillingsport er hopping. Aller helst på låra til einkvan, UTAN å holde seg i noko. Nest etter det er det barmarkstrening til skihopping. Innta posisjon med hendene bak ryggen og ned i knea, framoverbøygd og munnen forma til å seie ååååå, og vidåpne auger, for so å satse og med god fart og medvind vere nett øve bakken før eit fjellstøtt nedslag, starte applausen sjølv og springe seiersrunde rundt pipa. Trenge eg seie meir?

Lista over julekort eg skulle skrive er nesten fullførd, det einaste eg hadde planlagt for denne jula som eg faktisk har fullførd. Eg har i alle fall TENKT over kva klede eg skal ha julafta til meg og mine, og alt eg har har handla frå alle til alle ligg ferdig innpakka og merka i posar over størstedelen av kjøkkengolvet.Berre litt utleveringar står att. Det blir jul i år og. Eg skal bruke resten av kvelden til å tenkje på kor himla heldig me er og kor godt me har det – og vips, der kom julestemninga sigande.

Med ønskje om ei retteleg GOD JUL til dykk alle =)

PICT8830

6 Comments