skriveferie

Siste dag på skulen vel i boks – praksis nr. 1 er godkjent og forbi – berre eksamen att so er det jul!!

Skumle  -11,4 grader på Nes i dag – sesongens kaldaste enn so lenge, eg høyrer lokalradioen varslar ei kaldare natt i vente. Litt trekk gjere Sperla sine 10 grader kaldare meir levelege løll. Det skal ikkje mange vindpusti til her ved «kysten», før me hutrar og klagar so fort stokken bikkar minus. For ikkje å snakke om barnehagen sine 15 kalde i dag – midt i sjølvast Jostedalstrekken – DET var kaldt det. Ein skrikande gut i kvar hand slepande rett imot vêret. vinden bitande rundt auger og nase, dragande steg langs polert isveg som for syns skuld har litt sand strødd til pynt rundt omkring. Ikkje noko som gir eit morshjarta ein betre start på dagen!!

Nes, når sola kom kl. 11.31 i dag:
PICT8920

Moro å sjå farten på frostrøyken der han leika seg ut fjorden:
PICT8918

No er det skriving som gjeld. Diverre ikkje i kva som helst form – det skal vere akademisk. To oppgåver er under produksjon, ei tredje tek til i dag. Ein god ven og kollega fekk skumme gjennom ein av dei to produksjonane mine for å gi meg ein liten peikepinn, og tilbakemeldinga gav meg inga nåde. «Er det blogg du skriv mest»… ja, jo det er vel i grunnen det. «Skal dette vere ein blogg?»… øhhh…. nei, det skal det ikkje – og eg tok hintet. Munnleg språk so det heldt, tydeleg avsluttning på kvart avsnitt og generelt total mangel på kjeldetilvisningar til faglitteratur. Jadda, godt det ikkje er jul heilt endå =) Her var det mykje å ta fatt på!!

Teksten eg skal starte med i dag har eg bestemt meg for å vinkle mot tidstjuvane i skulen. Dei som kjem og snik til seg timar både frå norsk, engelsk og matte. Ikkje berre ein time ein dag inni mellom – men so mykje som 2,5 mnd av dei 3 åra på ungdomsskulen? Kor mykje mistar ein elev då av 10 år i grunnskulen? Ditta kan bli hardt å underbyggje. Eit par telefonar til Stortinget har måka meg i rett retning, men har Stortinget fulgt opp stortingsvedtak 133 av 2007/2008 med vedtak nr.  31. av 2007/2008 i praksis ? Og er det ein mikroskopisk moglegheit for at eg har teke meg vatn over hovudet, isvatn til og med, og at eg kanskje tolkar oppgåva mi i breiaste laget?

Det var berre det å leggje om på språket mitt litt då… eg kan vel ikkje påstå slike grove ulumskheitar liksom at fordi vel og so berre vidare. Lukke til åt meg – og god kald tysdag åt dykk andre =)

Related Post

Tags:,
5 Comments