Overgang

Fyrste natti med registrerte kuldegrader for i haust. Då går det vel mot vinter i år og. Soli kom øve krokadalen akkurat kl. 10.00

Vil og nytte sjangsen til å etterlyse eindel høgresko. Siste som er meldt sakna er min raude høgrestøvel. Han føyer seg i rekkja blant høgre innispennar, høgre vintersko og høgre sandal, samt fjernkontrollen til dvden.

Høgre finsko veit eg vel kvar er, han ligg i vaskemaskina etter kvar vask, uansett kor godt eg leitar inni der før eg startar maskina. So er ikkje den skoen rein no so kan det vere det same!