gullkorn…

Det er alltid stas å hente gutane i barnehagen…
I alle fall etter at eg oppdaga at det går an å ta med vogna inn i bhg, so eg slepp å bere to stk rundt om kring for å sanke saman utstyret for dagen…

Hentinga her ein dag gjekk føre seg på detta viset:

Ein av mine blide gutar kom springande mot meg då eg kom til grinda inn til bhg, skratla hjarteleg – eg sette han i vogna, og trilla inn på leit etter nr. 2. Han stod på toppen av sklia, og skulle vise meg kor tøff han var å skil. Kom stavrande bort til vogni etterpå, so rett i ryggen at han nesten bikka bakover =)  Kry som ein hane over kor flink han var. Eg måtte no vere enig med han i det.

Inn med vogn og gutar, finne sekk, klede og smokkar, og mot grinda att bar det. Der vart me omringa av 5 jenter i sin beste alder. «Kå heite du?», «kem er du?», «er du berre mamma til dei her du, eller?» …

Eg svara på kryssforhøyret etter beste evne.

«Veit du kå eg heite då?», «Eller kva eg heiter?»… «eller kå EG heiter?

Nei, eg visste ikkje det måtte eg innrømme….

(namna er fiktive)
«Eg heiter kari», «eg heiter Anne», «eg heiter Lisa, og han er søste mi og heiter Mette»… Eg nikkar og smilar og prøvar å hugse namn…

«veit du kå gamal eg er då?» … «eller kå gammal EG er»….

Nei, det kunne eg heller ikkje svare på, men ingen fare, alle viste med fingrane sine kor gamle dei var: Den fyrste holdt opp 3 fingrar på kvar hand = 6 år, den andre holdt opp 1 finger, den tredje holdt opp 2 fingrar på kvar hand og kunngjorde høgt og tydeleg at ho var 3 år, den fjerde holdt opp 3 fingrar på ei hand og meinte ho var 4 år, og at han som var søstera henner berre var 2 år… Ei barnehagetante i nærleiken kunne opplyse om at alle var 4 år, utanom «han» søstera som faktisk var 2 år…

Alle vart  opptekne av å klappe gutane på hovudet og stryke dei på kjakane og seie hade.  Det dukka opp fleire mammaer som skulle hente, so eg nytta høvet,  smatt meg ut grinda so elegant det let seg gjere med tvillingvogn og grind som ikkje held seg oppe sjølv, og humra heile vegen heimatt til Nes. Dei er no jammen gode dissa små…