Veke 8 – isolering

Ein evig jobb… I dag har Hans vore med meg og Magne. Han har gått laus på isolering av taket i kjellaren, medan eg og Magne har fokusert på ytterveggen i kjellaren. Veggen er ferdig, og Hans er kommen langt på «taket» – bør vel kanskje heller kalle det for lemen? Men det er det me kan kalle skikkeleg putle-arbeid, so timane går fort… 

Oppe er me heilt ferdige med all isolering, båder himling og vegger. Reknar med at snikkarane kjem tilbake til huset vårt på fyrstkommande måndag – og då kan dei gå laus å setje oppi takplater, og veranda. Er vel att litt småtteri ute og, men det blir mindre og mindre, so er ikkje lenge til dei startar på rominndelinga inne =)

2 Comments