Tyttebærskogen =)

Me har to glade gutar – som er over middels gla» i bær. Og ikkje berre vanlege dessertbær. Til og med tyttebær gjekk ned på høgkant…

PICT8565

Fyrst ville dei ha rognebær, so ville dei ha nokre andre bær som veks på tre – eg hugsar ikkje at namnet – og so fekk eg akkurat redda dei frå å smake på liljekonval-bær – skummelt giftige dei. er dei ikkje? So då eg avleda merksemda deira i retning tyttebær, tenkte eg at dei fekk smake det og kanskje innsjå at alle bær ikkje er gode å maule…. Men so feil teke eg om dagane….

PICT8571

PICT8576

Me prøvde å oppmuntre til å plukke bæra oppi pinkane som vart utdelt ved oppstart, men dette var ikkje slek spesielt vellukka… Betre lukke neste gong =)PICT8594-1

Kan ta med ei lita morgonhistorie og:
Eg var åleinamor i dag tidleg og skulle levere i barnehagen – litt småstress på morgonkvisten høyrer med. Eg er litt vel flink til å fortelje kva me SKAL gjere utover dagen, sjølv om gutane sjølvsagt ikkje har noko begrep on tid. Eller stad, for so vidt…

… Me skulle ha på sko, og eg fortalde at me skulle fyrst gå ut, so køyre bil, og so kom me til barnehagen og det blir kjekt. Av den setningen er det sjølvsagt berre «UT» gutane oppfattar, og springe då sjølvsagt stad og hamrar på utedøra so fort dei får vikla seg ut av fanget mitt. Jaja, tenkjer eg, dei kjem seg jo ikkje ut sjølve, so eg ruslar på badet for å ha på meg linser før me skal reise.

Ståande på badet med ei linse på og den andre i handa høyrer eg utedøra smelle att… What the …. ? Ropar på gutane… Full fart til utgangsdøra og ropar igjene. Let opp utedøri, og der står dei nederst på tråppi, på veg til nabotomten, overlukkelege over alle gravemaskinene dei ser….

Truleg har han som har vokse flest cm siste veka nådd opp til dørhåndtaket, fått opp døri,  dei har begge småtte ut, og so har døra blæse att bak dei. Eller dei har smellt ho att med vilje og tenkt «Endleleg fri!!»…

Nok eit situasjonsbilete frå tunet vårt som kan skremme nabosnikkarane ned frå taket.  Eg tykkjer at det kanskje er i tidlegaste laget for gutane å stikke av heimefrå, og no kan gutane faktisk komme ganske langt bortover vegen før eg rekk dei att. Spesielt om dei tenkjer litt taktikk og ikkje smelle att ytterdøra so hardt…

Eg har alltid irritert meg over folk som smeller att dørar på hus og bilar i tide og utide, men tenkjer at NO er kanskje ikkje rette tidspunktet å lære gutane å gå stille ut ytterdøra =)

Related Post

One Comment