«Skagastølsryggen light» 25.juli 2006

Nordre Skagastølstind (2167 moh) og Skagastølsnebbet (2222 moh)

Må vel gi Kai æra for at me kom oss i vegen. Han har ein pågangsmotor som ikkje liknar grisen :-) Planen var vel eigentleg å gå heile skagastølsryggen og kanskje til og med få med Storen på turen – men heldigvis (i mine auger) kom ikkje utstyret som var bestillt i posten før dagen me skulle på tur, so me kom oss ikkje i vegen tidleg nok til å prøve på heile ryggen. Blir tross alt mørkt ein gong og…..

ein liten bit av den evige steinrøyra opp til Nordre Skagastølstind matpause like under toppen av Nordre Skagastølstind

Avreise Turtagrø var vel ca kl 10.00. Eg, Magne, Kai og Hans. Me gjekk til tindeklubbhytta – og derifrå opp steinrøysa til Nordre Skagastølstind. Og når eg seier steinrøys, so meiner eg steinrøys… eg har ikkje sett på makan. Eg lot karane få gå i sitt tempo – og sa at dei måtte berre byrje å klatre bortover når dei kom til fyrste toppen. Eg ville gå i mitt eige tempo, og var ikkje sikker på om eg gjekk heilt opp på Nordre eingong. Men snille som dei er, venta dei på meg like under toppen. På med tørr ullskjorte, klatresele og hjelm.

Skagastølsnebbet og Midtre Skagastølstind. Centraltind bak til venstre. Storen skimtast bak til høgre i skoddehavet.

Ned i skaret mellom Nordre og Nebbet var det mykje enklare å gå enn det såg ut til. Litt luftig på kanten, men fint muleg å gå litt lenger nedi røysi, og dermed unngå det største suget i magen. Opp til Nebbet var det mykje kliving. Eindel lause steinar dukka og opp, men faktisk var der heilt greit å gå. Hans og Kai klatra greit opp ein liten vegg på nokre meter då me nærma oss toppen – men her ville eg ha tog. Sjølve klatringa var ikkje so vanskeleg, men det var loddrett 1000 meter ned på begge sider. Alt blir so mykje enklare med eit lite tog festa i selen.

Alle 4 på toppen av Skagastølsnebbet (2222 moh) På veg opp frå V-skaret til Skagastølsnebbet

Me klatra ned i V-skaret og – der me vart møtt av den 70 meter høge, nærmast loddrette vegen opp mot Midtre skagastølstind. Her stoppa vår tur, mest på grunn av at klokka no var blitt 16.00 og me tross alt skulle heilt nedatt i Turtagrø – men og pga våre spinkle erfaringar med slike vegger. Er vel ikkje heilt rette plassen å starte eksperimenteringa på….

Tok ein liten rapell nedatt den veggen eg klatra opp med tog, kleiv nedatt i skaret mot Nordre, og kom oss greit rundt til andre sida av den toppen. So var det berre å starte på steinrøysa. Eg tykte den røysa var forjævleg å gå opp – men ho var 10 ganger verre å gå nedatt…. utruleg mykje lause steinar…

Rapell nedatt frå Skagastølsnebbet Skagastølsryggen i bakgrunnen. Kai filmar siste innspurt.

Kom til Turtagrø att ca kl 21.00. Var nok ikkje ei tid me treng å skryte so mykje av – men me var no fornyøde med dagens utbytte me. Fekk litt oversikt over alle toppane oppi der, og fekk prøve litt kliving og klatring. Ein flott tur i nydeleg vêr. Ga abolutt meir-smak.

To glade vandrarar - Nordre Skagastølstind i bakgrunnen