På tide å reise heimatte…

Sete på flyplassen i Kristiansund og ventar på flyet mitt – er litt forsinka. Utruleg kor fort veka har gått! No er det heimatte og hjelpe Mange å få ferdig isoleringa av huset.

I går var eg og Sissel ein tur til Sunndalsøyra – ein plass som mina meg veldig om Øvre Årdal. Eit stort hydroanlegg som dominerte heile tettstaden – og mange butikkar samla i eit tett sentrum. Var litt dårlegare vêr i går – skikkeleg vind og overskya – men me fekk no brukt opp dei pengane me hadde planar om, og vel so det =) Sunndalsøyra nede til venstre i bildet...

Flotte majestetiske fjell innover her. Me passerte og avkøyrsla til Innerdalen, som eg godt kunne tenke meg å teke ein avstikkar til – men ikkje i slikt vêr. Det får bli ein anna gong.

No kjenner eg at eg klør i fingrane etter å heim å skrive oppdateringa om huset, so eg får gjere meg klar til å gå ombord i flyet =)