Heimen verna?

Aldri hadde eg trudd det gjekk an å føle seg so trøytt og likavel vere full av ein eller anna rar form for energi!!Mannen er i tjeneste for konge og fedreland. Eg er dermed oppgradert til øverste befal i heimen, kanskje muligens etter bror 1. Er vel kanskje etter bror 2 og… Men eg får lov til å ta full kontroll over bæsjebleier, mat-tilbereding og golvvask =)

Torsdagar er det barnehagefri for dei to yngste befala, eg skulle sjølvsagt vore på obligatorisk undervisning alle torsdagar, men slek er det no berre… og slek blir det vel berre og, utover hausten og vinteren. Ei bestemor vil stille opp nokre torsdagar. Er vel ikkje nokon som melder seg som barnevakt slek utan vidare dei andre torsdagane??

Eit mindre slag vart utkjempa før lunsj, men eit mørbanka kinnbein (mitt) og 2 øydelagde persienner får me vel seie er godkjende tap etter ein krig av eit slikt kaliber… (korreksjon no etter at øverste befal er tilbake i heimen: «det heter ikke krig lenger, det heter væpna konflikt»…. Greit nok – bror 1 var væpna med trehammar og flugepiskaren, bror 2 var væpna med togskinne og skallen sin, og eg var kun væpna med beroligande ord. Konflikt var det definitivt)

Ute tek muren form. Att. Både på oppsida og nedsida. Me bur midt i eit anleggsområde, med husbyggjing på 3 kantar. Gravemaskiner og lastebilar over alt, betongbilar, traktorar og eindel maskiner eg ikkje eingong kan namnet på. Godt at alt heiter «takktol» i følgje bror 1, so sleppe me å diskutere det.

Eg savnar verkeleg å kunne late att ei grind i tunet. «NEI!», «KOM her» og «STOPP» er alle ord som bli tolka som «BERRE SPRING SO FORT SOM MULEG SO LANGT DU KJEM, HELST MOTSATT VEG AV BROR DIN» – so eg vil tru dei 5 snikkarane på nærmaste husbygg har mange artige historiar å diskutere i matbui si om dagane. Eg springande, med eller utan sko, etter gutane som spring skratlande med eller utan sko (og med eller utan kle) i full fart mot nærmaste skrent. Er ikkje alltid eg er kledd for anledningen heller forresten, i alle fall ikkje kledd for å springe!! Sukk…. eit skjult kamera her i tunet burde fått høge sjåartal =)

Til slutt nokre meir eller mindre blikskot frå siste vekene:

PICT8277

PICT8289

PICT8105

PICT8339

PICT8358-1

PICT8373

PICT8374

PICT8382

3 Comments