Tingvoll

I går var ein nydeleg dag her, med strålande sol og knall blå himmel. Eg benytta anledningen til å gå meg ein lang spasertur medan Sissel var på jobb…

Tingvoll Sentrum - bilde teke frå nærheiten av huset der Sissel bur   Nydeleg utsikt frå sentrum og utover fjorden

Tingvoll kommune har ca 3400 innbyggarar – og ca 1700 av dei bur her i tettstaden Tingvoll.

Drømmekjøkken typen som eg skal ha?

 

Nokon gonger er verden svært liten – eg var med Sissel til leiligheiten som ho akkurat har flytta ut av for å ta siste innspurten i vasking og flytting, og trur du ikkje at kjøkkenet der virkar prikk likt det som eg har bestillt til huset me drive å bygger på Nes? det var i alle fall svært likt på drømmekjøkken i typen Ark, med kremkvite dørar.. Og steike so fint det var =)

Benkeplata var litt mørkare enn den eg skal ha – og so var det lys i overskåpet med glasdørar… eg har jo tenkte å ha tre-hyller i dette skåpet, og ikkje lys… for eg tykkjer ikkje det passar med glas-hyller på kjøkkenet… men eg lurer på om eg byrjar å angre meg… det var i alle fall flott slik som dette var laga til…

Og veggene var nok i same type som me skal ha: Beverpanel, typen perle??? eit-eller-anna (eg seier alltid perlemor – og Magne rettar meg kvar gong…)

Her bur Sissel no

 

No bur Sissel i 2.etg her – med eigen carport og greier… Etter å fått fyldige referat frå turane Sissel har hatt til Colombia og India har eg innsett at Sissel tjenar litt meir pengar enn meg.. (ikkje at det skal so mykje til). Det har blitt eit par utruleg koselege kveldar med skravling og god mat og det som høyrer til… Og i måro lyte me vel feire litt ekstra, for Sissel er då offisielt ferdig som turnuslege – og får autorisasjon som lege =)

Heimanfrå har eg fått rapport om at Magne, Vidar og Ruben kom godt i gang med å legge isolasjon i himlinga i går – so då kan eg slappe heilt av – huset er i gode hender =)

Her på Tingvoll skal eg vere til laurdag – då er det fly tilbake til Bergen der bilen min forhåpentlegvis står trygt og ventar på meg. Kjekt med ferie gitt =)

One Comment