Ut på tur =)

Eg har teke meg ei liti ferieveke oppi all husbygginga. I dag har eg hatt ein liten eksamen i bergen, før eg sette meg på flyet til Kristiansund. Her henta Sissel meg på flyplassen – og me ser no fram til ei herleg veke her på Tingvoll med koselege gåturar i nydeleg ver, mykje god mat, og endå meir god vin =)

   

Slek såg det ut på Kvernberget flyplass i Kristiansund då eg landa i ettermiddag!

Og Sissel dukka opp med bilen sin og me køyrde inn i solnedgangen =)