Snømengd og hest

Eg sjekka litt rundt om kring på Nes i går, kor mykje snø som ligg att her no. Det er ikkje so enkelt å få eit eksakt tall, for grunna eindel vind er det ganske ujamt. Det er byrja å tøye i vegen vår, og det stikke opp svaberg og steinar overalt i ulenda her. Men eg ansler det til å vere i mellom 10 og 15 cm med goe harde skare her no =)

I dag har eg og Gipsey atter ein gong prioritert ein lang tur i sola framfor nedstøva bøker.

 

Ein liten stopp på nedatte turen for å nyte sol og utsikt. Og for å plukke vekk kvistar og barnåler frå hue og hals =)

 

Men det artige med turen var ikkje gipsey og soli – det eg og mine krumstpring – som vanleg: Det har seg slik at idet me hadde passert grinda der skogsvegen opp mot Flatningane startar, var eg som vanleg klar til å ta av bandet til Gipsey, og la ho få bruke litt energi. Men heldigvis såg eg meg nett rundt før eg gjorde det – og rett i mot oss kom det ein hest springande… Panikken slo meg – ikkje at hestar vanlegvis er farlege, men eg har særdeles dårlege erfaringar når det gjeld Gipsey og kyr, so eg tenkte kanskje at hestar ikkje var so mykje betre – i alle fall ikkje når eg ikkje kjenner hesten eller eigaren.

Eg oppdaga eit fotspor som gjekk rett opp bakkane og til skogs, so der for me opp og – i fulle fart. Eg føre med Gipsey i bandet som eg hadde festa i eit belte rundt livet. Det hadde seg slik at eg også hadde teke med meg skistavar i dag – for å verkeleg bruke armane oppover bakkane. Her var det då litt brattare enn der me hadde tenkt å gå, og Gipsey ville so vel ikkje stikke av til skogs utan kamp. Eg måtte derfor prøve å dra ho med meg – og det gjekk no forsovidt greit. Men eg tørde ikkje å sleppe ho fri før me var komne gjennom neste grind eit stykke lenger oppe – det hender ho vender tilbake til «åstedet» for å sjekke om det verkeleg var noko å stikke av frå – og det ville eg helst unngå.  

Me hadde oss ein nydeleg tur opp mot Flatningane, so var det på tide å snu. Då me kom gjennom grinda til området der hesten var, so var det på atte med bandet, og det bar avgarde til omvegen ned gjennom skogen. Alle som har gått med sterk hund på langt band i småskog veit kva som venta meg: ho drege ein veg rundt tre og einebusker – eg drege den andre vegen… det var jo då ganske bratt nedover desse bakkane, og eg kava på som best eg kunne med ein skistav i kvar hånd og prøvde å finne fotfeste… eg bar på skaren ca anna kvar steg – sola hadde stått på og mjukna litt… so sjå føre dikka gipsey skjere under eit par greiner som var bøygde ned og frose fast i bakken, eg oppdagar ikkje at ho har gått under, men går rundt, ho gjere eit rykk i det bandet strammar seg, so eg bråstoppar, får ved hjelp av ei stor grein hua mi godt ned i augene og dett so lang eg er – oppå skistavane med hendene godt inni reimane – over greinene. So viss de trudde de høyrde snøskrede eller torden i fjella i dag, so ta det heilt med ro – det var berre meg og Gipsey på vår vanleg spasertur…

Eg vart jo sjølvsagt sint so eit fly – men fekk no tilslutt vava oss laus atte – barnåler overalt. Men endå gjennstod største problemet: å få Gipsey forbi hesten att. Då me kom ned slik at me såg nedpå grindi me skulle gjennom, hadde eg min vanlege flaks. Hesten stod og åt under eit tre berre 3 meter frå grinda… jaja – det fekk briste eller bere. Eg hadde mest lyst til å slippe laus Gipsey og la ho springe seg til grindi sjølv – men håpte eg klarde å unngå det – det fekk vere plan B. Eg drog bikkja inn på heilt kort band, og so «lista» me oss ned skråningen. Hesten hadde slutta å ete og stod å såg skeptisk på oss (med god grunn – han hadde vel høyrt me kom på fleire kilometers avstand…)

10 meter frå grinda – og hesten hadde endå ikkje gjort tegn til å bry seg med oss… då rykke Gipsey til so eg må ned i det nærmaste eg kjem spagat, men utruleg nok holdt eg meg på føtna – må vere ditta dei meiner med 7-mils-steg – og der var me nede i vegen som går mot grinda – tankane flaug gjennom hovudet at burde nok teke plan B likevel – me eg hadde meir enn nok med å holde meg på føtna, og rekna med at hesten kom til å angripe Gipsey kva tid som helst! Då eg nådde gjerdingen og fekk snudd meg stod hunden og hesten ansikt til ansikt med eit par meter klaring – so eg heiv meg etter grindi, og fekk eine foten gjennom – no ville sjølvsagt ikkje Gipsey vere med – ho var nysgjerrig på hesten. Men då hesten byrja å grave i bakken med eine framfoten tok panikken overhånd, og eg sleit Gipsey med meg gjennom grindi og fekk smelt atte…

Eg strekte ut ei hånd for å sjå om hesten ville kose litt – Gipsey gjekk so langt undå meg ho kom, og sette seg ned med ryggen til – dødeleg fornærma… Hesten kom hit til meg han, og var sjølvsagt snill som ei lam… Eg håpar ikkje nokon var vitne til denne trimturen utanom det vanlege… Men trim fekk me no i alle fall, og Gipsey virka no godt fornøydd med turen ho. Litt action i kvardagen… So eg tenkjer som so: ein har berre den moroi ein lagar sjølv!

Slek såg huset vårt ut frå bakkane over Neshøgdi i nydeleg vêr i dag =)

One Comment