Snart sommar

Dagane flyge fortare og fortare, eit sikkert sommarteikn. Plutseleg er det august att, og tilbake til kvardagen etter permisjon og styr og stell.

Eit glimt av soloppgangen ein vakker dag, bilete teke i byrjingi av juni ca kl 05.00

PICT7501

I går var me kulturelle eg og gutane. Var på museumet på Kaupanger. Me såg ikkje på noko som var utstillt, for å komme seg ut og inn av hus med ein halv meter høg dørstok såg eg ikkje på som realistisk. Dei må ha hatt anna type tvillingvogner før i tida =)

Me såg heller på dyr, blomster og sand. Der var møar og bæar og nøffar og tippe. Og alle sa «bæ» kunngjorde bror 1, der han gjekk sjølv, stolt som ein hane, mellom gjerdingar og blomstrar. Det resulterte sjølvsagt i ein del fall, og dagens tryning gav han ein stor raud kul midt i panna, oppskrapa nase og full munnen av sand. Heldigvis såg me nokre kongler so me kunne plukke akkurat der, og då var det ikkje so ilt lenger. Trur eg hadde bælja mykje lenger hadde eg hatt eit slikt fall!! Tøffe dissa små =)

Og so var det sand der. Og stein. Super-duper-fantastisk.

Og dei to høgdepunkta på turen: Når eg skulle pakke alt i vogna på parkeringsplassen og gutane kunne sitje å sjå på all trafikken som passerte. Dei peika og prata i munnen på kvarandre. Det var trailera, bussar, campingbilar, bilar med hengjar, motorsyklar, postbilar, lastebilar med gravemaskin i karmen, traktorar og mykje meir. Eg vurderte om me berre skulle sitje på parkeringsplassen nokre timar og ete nista vår der før me for heimatt… men då hadde me jo ikkje fått med oss dagens andre høgdepunkt. Ein stor, blå traktor MED hengjar, som passerte like ved der me åt lunch etter endt rundtur. «Heilt utruleg at det går an å ha det so kjekt», var blikket begge gutane sende meg, og eg måtte jo berre vere enig med dei i det  =)

PICT7528

PICT7598

Plutseleg er det so mykje lettare å komme seg ut av huset om dagane. Enten er det automatikken i pakkinga som kickar inn, eller det er gutane som er blitt so flinke å hjelpe til =)  No er problemet kva me skal finne på om dagane. So berre pass deg du som les, plutseleg ein dag bankar me på døra hos akkurat DEG!  =)

Related Post

3 Comments