Travle juni…

… det er jo ikkje litt logisk eingong. Læraren i meg er innstillt på ferie. Dei andre 98% innser at det blir vel ikkje heilt det i år. Heller. Kan ikkje hugse det var so mykje ferie i fjor når eg tenkjer meg om =)

Me har rukke ein konfirmasjon, eit bryllup og eg har hatt to eksamenar. Ikkje vart det tid til å lese til eksamen i år heller (mannen i huset kan ikkje begripe kva eg klagar etter, eg fekk då i alle fall 2 lesedagar !!) – men lesing er oppskrytt.

Bror 1 stabbar og går overalt. Springe inne – er skeptisk til både asfalt og grus ute. Bror 2 fann plutseleg balansen forrige fredag, men har delvis rota han vekk att. Kjem glimtvis fram att – og han springe øve golvet. Men knall og fall og blå kular høyrer vel denne tida til.

Ein retteleg sjarmerande alder. Mykje latter og leik, mykje grensetesting – litt slosting, biting og slåing – og maaaaaaaaaaaaasse kosing og lesing av bøker.

Bøker har alltid vore spennande. Men er etterkvart komme andre spennande ting å lese i. Felleskjøpetbladet på Sperla er ein stor suksess. Det same er Sogn Avis. Me deler avisa broderleg. Far i huset les sporten og debattinnlegga, gutane lese artiklane fremst i avisa, og eg lese annonser, hårek og døds/fødsels/gebursdags-sidene. Baksida får me aldri lese, den blir oftast ofra av leverposteihender som skal bla begge veger på ein gong.

I dag har me vore på ekskursjon i Bergsetdalen saman med grand-søskenbarnet vårt som hadde fri frå gryter og turistar. Eg hadde trudd det vart ein kort tur med mykje skrik, men heldigvis tok eg feil.

Eg har aldri tenkt over kor spennande det er å sjå på elvane me kryssar, trea som me NESTEN rekke i, steinane som me går forbi og ikkje minst fuglane som me høyrer men ikkje ser. Bror 1 seier «dAAA» til det meste (ein velkomme avvekslingsord til takktol som berre er annakvart/tredjekvart ord no). «daaa» var vatnet. «daaaa» såg me eit tre. «daaaa» såg me ein stein. «Ja, det var jammen ein stor stein?», prøvar eg meg… «har de sett ein so stor stein før?  «Takktol» – får eg då til svar. Var steinen ikkje større enn ein traktor, eller gir gutane blanke i steinen og ønskjer at det heller hadde vore ein traktor?

Og so var det pause og lunch. Påsmurde skiver med smørjeost. Kva var det eg tenkte med? Bror 1 var kjapp til å få skivene frå kvarandre, trykkje dei ned i sanden, og SO i munnen. Mnnnn. Det knasa godt i stein, men guten var blid som ei sol. Det vesle dei hadde tid til å ete. Måtte jo spa og grave litt. Hive sand opp i lukti. Artig artig.

Me fekk oppleve sol, regn, vind og skodde – det er mykje vêr i Krundalen. Tuftebredalen såg snøtung ut. Eller regntung. Sauene var mykje mindre redde enn sauene her på Nes er. Og kyrne i det fjerne sa og «bæ» meinte bror 1. Ikkje vits å krangle om det når me ikkje høyrde dei likevel.

Eg prøvde ein ny diskusjon med bror 1 då me hadde ete middag på Sperla. «Der er møane»…»Bæ», svarar bror 1. «Nei, det er møar»…»Bæ»… «Jammen dei seier jo mø?»… «Bæ»… «Nei, mø»…. stille ei lita stund… «Prrrrrrrrr»… Okay, seier dei ikkje bæ so har dei nok motor og seier prrrrrrr. Gir meg på det resonnementet.

Då er det godt at det no er kveld, gutane søve, og eg skal om alt går etter planen få setje meg ned og sjå ein HEIL fotballkamp. DET har eg lengta etter i mange dagar det. Hjarta held sjølvsagt med England, som alltid – noko det ikkje har vore mykje grunn til å feira dei 17 åra eg har vore fotballinteressert – men ein må ikkje gi opp. Etter at Tyskland var so klose som sikkert tabloidavisene kjem til å skrive i måro, so dabba litt av optimismen og favorittstempelet – og kanskje kan England fikse litt på stempelet sitt i kveld?

Hurra for fredagskveld, fotball og ein pose orginal supermix i fanget =)

PS: Fekk eit hyggeleg brev av naboen i går, som me har venta på etter fleire møter med vegvesenet. Vedtaket ligg #HER»

Related Post

2 Comments