Høgspent..

… høgspenning og insomnia-tendensar. Jubalu =(

Eksamen om 4 dagar.
Lesing`? Ikkje denne gongen heller.
Soving»? Minimalt. Gutane er klare som egg når sola kjem litt før kl. 05.00.

I dag var det full baluba kl. 04.30. Er ikkje det litt i tidlegaste laget? Eg hugsar vagt dei få gongen gutane vakna FØR klokka 6 i året som gjekk. Om klokka viste 05.58 var det UTRULEG mykje verre enn 06.01.

So no, når klokka viser 04. eit-eller-anna – kva skal eg då meine?

Soverommet er mørkt. Og so kaldt som det lete seg gjere for eit rom som får sola frå ca kl 04.45 til 7-tiden om morgonen, og so igjen frå ca 19 om kvelden og fram til nærmare 21.30. Rommet MÅ jo bli i heitaste laget – eg ser den – men me har vifte på og føle alle kunstens reglar. Fram til 1-års-dagen sov gutane omlag 19-7 pluss minus eindel unnatak – men den tida er tydelegvis over. HJELP.

So no kan de forresten få lov å spørje. «Søve gutane då?» NEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEI kjem eg til å svare då. Og so får de ein halvtimes monolog om søvndepresjonen eg innbillar meg at eg har kravla uti. Blæææææææææææææææææææææææææææææhhhh

Kva er poenget med lyse sommarkveldar og mykje sol når eg må legge meg før klokka 21 (FØR sola glar)… Og sjølv om det på ein måte er greit å stå opp når sola er kommen, er alt FØR klokka 6 definert som NATT. Og om NATTA skal me sove.

Morgonstund er ikkje tull i grunn – det er noko forbanna drit. Jepp, eg er visst ein smule meir aggresiv enn eg trudde, men slek går det.

Konfirmasjon i helga som var – nok ein moglegheit til å knipse blinkskot av juniorane i bunad. Vart langt mellom blinkskota. Ser føre meg korleis biletet under KUNNE sett ut, om ikkje bestefar og tante hadde komme dei i forkjøpet, planen var truleg å omorganisere litt i souvenir-avdelinga:

PICT7160

So meiner etterkvart pappaen at bror 1 kjem til å jobbe i sand- og grusbransjen. Stein er utrULEG moro altso =) Billeg leike seier eg. Og so knakande godt å tyggje på:

PICT7191

Åsso fekk tante Sogndal  utruleg nok til ei samling av heile family Sperle midtre. In person. Ein prestasjon i seg sjølv:PICT7257-1

Det var med andre ord ein strålande flotte dag på seneteret – knakande goe mat, nydelege kaker – og triveleg å tilbinge dagen med familie og sol =)  I helga som kjem blir det bryllupsfeiring. Utan juniorane. Blir nok ein strålande flotte dag det og… Om eg ikkje sovnar etter all natteranglinga til gutane!  Thank you Amsterdam – good night!

One Comment