Endeleg bilete =)

Då har eg endeleg fått kontakt med nettverksansvarleg, han har fiksa biffen,  og eg kan legge ut eit par etterspurde bilete eller fem  =)

(Advarsel:  Dette er eit «svært godt humør»-innlegg. Mange skrytebilder, og smørblid tråd tvert gjennom. Det høver seg ikkje for folk som ikkje vil dra på smilebandet og sukke oppgitt over mine konstante humørsvingingar. Ikkje sei eg ikkje advarte dikka...)

Fritt etter eige hovud,  noko har de sett på facebook, noko ikkje.

Fyrst nokre bilete frå 17.mai i Jostedalen:

PICT6857

PICT6876

Bestefar og bestemor var gode å ha!

PICT6880

Mjølk må ein ha, sjølv om det er 17.mai:

PICT6912

PICT6916-1

So hadde me oss ein tur i nærmiljøet her ein dag, fyrste forsøk med bæremeiser. Det lyte det bli meira av =)  Me sette dei midt utpå marki for photoshot…shoot… hmm…  fotosjut kallar me det – og me fekk dei knapt der i frå etterpå. Måtte tilslutt bere dei hylande heimatte. Ikkje kunne dei forstå kvifor dei ikkje fekk leike meir med løvetann og maur – men det kjem fleire dagar =)

PICT6929

PICT6930

Mange maur på trestammen:  me klappar for det:

PICT6978-1

PICT6985

Mange gule løvetannar:  me klappar for det og =)

PICT7000

«Sjå mamma, ditta er ikkje løvetann»:

PICT7011

Verden er jammen ikkje værst når ein kan ha to (tre) so gode gutar =)  Då gløymer ein jammen fort mjølkespreng, søvnmangel, tapt fritid og dårlege matvanar. Livet er liksom heilt ålreit =)  Og i tillegg er det jo SOL ute…

Gutane har prøvde å bade i plaskebasseng på verandaen i dag for fyrste gong.  2 cm vatn var stor stas, akkurat nok til å sprute på kvarandre. Og snart er det sommar =)  HURRA

One Comment