Daglegliv =)

Nokre bilete har endeleg funne vegen til pc’en min.

Lenge har det gått sia me fekk tømt speilrefleksen, vanskeleg utan adapter til pc. Truleg er det eg som har rota han vekk i eit forsøk på å rydde. Mislykka som alltid. Rydding er oppskrytt.

Ny adapter er bestillt via ei tilfeldig nettside. Heile 35 dagar leveringstid fekk eg oppgitt etterpå. Bra eg er av den tolmodige typen.  Men ein 7-8 år gammal pc i Jostedalen har derimot minnekortlesar integrert, so det løyste problemet med at minnekortet var fullt. Og so vart det 17.mai i år og. Bileta frå 17.mai og utover er derimot ein godt bortgøymd statshemmelegheit – om ikkje mannen kan gjere ei manøver på jobb i måro. Eller tante Sogndal sender fleire blinkskot via e-post.

Ein liten smakebit var eg tenkt å legge ut, men det var krøll på tråden ein eller anna plass. Det får då vente til «nettverksansvarleg» har tid til å hjelpe meg. Ikkje i kveld.

Eg får heller skrive biledleg. 17.mai vart feira i Jostedalen, med yrande folkeliv, godt tima regnbyger og opplagde gutar. Dei gjekk på ein smell eller tre, då golvet kom fort i mot dei, men ikkje noko supre besteforeldre ikkje kunne trøste vekk ved ei traktor-forteljing. Bror 1 såg traktorar overalt. Livet hadde nok vore mykje lettare om me berre hadde hatt nokre fleire traktorar.

Barnehage att i dag – tilbake til kvardagen. Og test av bæremeiser i ettermiddag. Gradestokken bikka +20 grader. Hærleg =)  Ein nabo løfta ein liten lamse over gjerdingen til ære for gutane… Stas var det, sjølv om det i følgje bror 1 hadde vore betre med ein «takktol». Hestane i inngjeringen vrinska godt då dei såg oss. Me vrinska tilbake og lurte på korleis det stod til, men fekk ikkje noko meir tale ut av dei. Dei likar nok ikkje å bli samanlikna med «takktol’ar» støtt og stadig. 3 hestar møtte me langs vegen, bror 1 ser eine inn i augene, stryk han på mulen og seier «takktol». Ikkje veit eg kva han meinte, men eg forstår jo at ingenting er so bra som traktorar. Ingen over, ingen ved sida av.

Om dagane krabbar dei som nokre rakettar over alt. Ut på verandaen i fulle fart. Eg hadde klart å sølt litt jord under ein stol der i gårkveld, men ingen fare – det var fort gutane åt det opp, so eg slapp å bruke energi på å koste det vekk.

Kanskje kjem det ein dag i måro med bilete. Kanskje ikkje. Kanskje blir det regn. Kanskje ikkje. Rosa skyer i sør burde love godt. For både det eine og det andre =)

3 Comments