langhelg…

… trudde eg. Er vel berre eit lærar-fenomen det der kanskje…

«Langhelg»  jubla eg i dag. «Hva?» svarar mannen. Oooopsy deisi. Han har jo ikkje fri fredag. «Falsk alarm», svarar eg. Og so kjem eg fram til at eg  har jo ikkje fri fredag eg heller. Eller laurdag. Eller søndag. Eller i måro for den del. Ikkje at eg klagar. Men «langhelg» er liksom det einaste eg klarar å forbinde med alle raude dagar i mai. For det er vel mai me har no? Er nesten so eg ikkje trur kalendaren. Kvar vart det av mars og april mon tru? Jo, må vere mai. Er jo raud dag i måro… Neste år, tenkjer eg. Då blir det sikkert langhelg att =)

Bror 1 er steget før han springe øve golvet. 3-4 skritt mellom ulike leiker og dyr går greitt, men er det lenger, er det rett ned på kne. Lika greit tenkjer eg. Bror 2 viser ikkje den store interessa for å prøve å gå åleina endå. Han står fint utan å holde seg, men let det vere med det… Lika greit det og. Det hastar ikkje – heller tvert i mot. Og eg vil vere evig takknemleg om ein går ca 1 mnd før den andre, so mykje lettare det vil vere å holde styr på dei då. Tenkjer eg.

Bøker og internett seier at bebisar ikkje leikar i lag før dei er i 3-års alderen. Okay, men jammen har dei UTRULEG mykje glede av kvarander likevel. Siste veka har vore super. Dei kan stå på kvar si side av stovebordet og kike over bordet på kvarandre, so kike under bordet, so over bordet osv i ganske lang tid. Og dei kan krype om kapp mellom stova og kjøkken og le seg i hel av kvarandre. Og dei kan gøyme seg bak stolar og «tit-tit»e fram og dette i venda av latter. Når dei er i godlune er det berre heilt fantastisk.

Må få lov til å ha eit skryte-innlegg og, her inni mellom all klaginga og sytinga mi. Tenkjer eg. So slek er det =)

One Comment