Ei søvnlaus historie…

Sukk og atter sukk. Utan søvn fungerar eg berre ikkje i det heile teke! So enkelt er det.

For eventuelle sensitive lesarar gjer eg merksam på til tider sterk ordbruk, skremmande språklege bilete og ei generell sytande halding i dei kommande avsnitta.

Kjernen i problemet: Det EVIGE grusomt irriterande spørsmålet som tronar som ein klar vinnar på lista mi over det værste tinga folk kan spørje om: Om barn søve eller ikkje. Kvifor i h…… er det so interessant? Sukk og atter sukk…

Må starte med å minne meg sjølv på at gutane egentleg har sove bra. Lege i sine eigne senger, på eige rom. Nesten aldri oppe av senga på nattestid, har aldri sove i senga på vårt soverom, og ser ein vekk i frå 2 veker forkjøla i mars og at ein hostar litt no har dei ikkje vore sjuke. Eg har vore kjempeheldig. MEN sjølvsagt har eg vore oppe att 9/10 av alle netter. Nokon netter 1 tur, andre netter 10 turar. Det kan då ikkje vere berre våre ungar som ikkje har hatt 2 like netter på 360 dagar? Og slik er det vel å ha bebisar? Søvnen bør ein ha gjort frå seg i god tid i førevegen!!

Kanskje søve dei frå kl 19-7.00 tre dagar i strekk, so «vaknar» dei/lagar lyd 3 ganger neste natt. Natta etter det igjen er det u-lydar både kl 21, 22, 23, 2, 3 og 4. Plutseleg er det stille heile natta, men dei er lys vakne kl. 5 nokre morgonar. So kjem ei veke slik som den eg er inne i no: Ein som tørrhostar ca kvar halvtime og held meg vaken heile natta. Neste veke reknar eg med at det er den andre som hostar.  Bror 2 har i tillegg ei prate-i-søvne-veke att. Ligge med smokken i, og messar frå kl. 1.50 presis, til klokka nærmar seg 4. I natt vart det stillt kl. 3.45.  So plutseleg  pleier det å komme ei natt med 12 timar samanhengande ro att, like før eg er på samanbruddets rand.

Legge ein alt dette saman, so søve ongane veldig bra dei. Det er FORELDRA som ikkje søve. Gutane er sjeldan vakne om dei skrik etter smokken, om dei hostar eller snakkar i søvne. Det er EG som er vaken…

Anyway. Slek er det berre. No skruar eg til og med av babycallen, slik at det er to dørar mellom soverommet vårt og gutane, men den supersoniske ultrahørselen er tydelegvis påskrudd 24-7, so høyrer altfor mange lydar likevel. Øyreproppane fungerar ikkje med baby-callen på, men fungerar når eg må høyre gjennom to dørar. Min betre halvdel høyrer derimot knapt NOKON lydar gjennom to dørar…so… What to do?

I gårkveld var eg so vanleg leggeklar i 8-tida om kvelden, men hadde eit møte eg måtte vere med på, og kraup til korset og drakk ein kopp kaffi. For slike som meg, som ikkje drikk kaffi til vanleg, og so teke meg ein kopp – effekten er enorm. Snakk om å BE om dårleg nattesøve.

Når alle so spøre det obligatoriske spørsmålet «søve dei om natti då, ELLER»,  so svarar eg på autopilot: «jadå, dei er ganske flinke. Må jo oppatt ein tur eller fem, men det går storsett fint». «Åja, men so bra», svarar folk. «Det er jammen godt de får sove om natti, før ellers er det frykteleg seigt…».

Ja, ja tenkjer eg då. Er jo forseint å te å syte og klage då, eg har jo allerede svara at gutane søve bra. So tykkjer heller synd i meg sjølv, og kokar inni meg eit par timar fordi eg ikkje sa det akkurat som det er, ønskjer å slå til eit eller anna. Og so er eg som regel litt meir fornøyd dagen etter, for at eg klarde å la vere å legge ut heile livshistorien mindenne gongen, etterfulgt av syting og klaging til alle som gidda å høyre på.

Etter netter som i natt derimot, har eg dessverre absolutt ingen sperrer, verken fysisk eller psykisk.

So med advarsel som gjeld kommande døgn i området sør for Stadt, Haldenbanken, Saltenbanken og Luster sparebank: Viss de møter meg på bui i måro, der eg går og handlar med ei hånd på den litt for breie vogna  som ikkje let seg styre med ei hånd, medan eg prøvar å balansere 3-4 bleiepakker, mjølkelitrar og knuselege sviskeglas på den ikkje-eksisterande plassen oppå vogni, OG nokon i tillegg spøre meg om gutane søve godt for tida… Eg veit spørsmålet sikkert er godt meint, men sjå på det som rein flaks om eg ikkje går amok med bleieposane heilt til den smilande liberobabyen på posen hyler, og deretter køyrer over vedkommande med barnevogna før eg truleg i rein desperasjon legg meg til å sove oppå isdisken!

– – –

Til ettertanke for nærmaste slekt:
Dette innlegget fører truleg med seg ei krass melding frå søs om at folk må tru eg er spin spikka gal som skrive at alt er so fælt, ein oppgitt kommentar frå sambuar om at eg ikkje TRENGE å skrive ned absolutt alt eg tenkjer alle gonger, og eit bekymra blikk frå slekta elles som seier «er det virkeleg so ille?»… til alle dykk vil eg berre seie at de kan spare dikka både skjennepreiker og bekymringar. Eg låg omlag ganske mange timar i natt og grubla på om eg berre skulle stå oppatt og blogge i mangel på noko anna å gjere. Sove fekk eg jo ikkje likevel… Og hadde eg DÅ skrive det eg grubla på, so kunne de heller ha komme med eit velmeint ord eller 3. For i DEN samanhengen er ovannemnte tekst totalt harmlaus. Believe you me…

RelatedPost

5 Comments