«Takktol»

… og ikkje noko anna. Bror 1 har fått traktor på hjernen – og køyre «takktol» dagen lang.

Eg vart ganske so snurt når gutane til og med sa traktor før dei sa mamma… slek kan det gå. Eg må ha feilprioritert ein eller anna plass.

Det vart ein Sperle-tur denne helga og – og endeleg fekk bror 1 køyre «takktol» med bestefar. Om han ikkje snakka om anna før, so gjorde han det ialle fall ikkje etterpå. «takktol», «takktol», «takktol» – det fyrste han seier når han sputtar ut smokken om morgonen, og det siste han seier før me puttar inn smokken om kvelden =)

Bestefar måtte finne meir sand til sanddongen og, for det virka som dei åt opp sanden som var der etterkvart som det vart fyllt på! Endeleg kom det regnbukser og støvlar i posten, so det måtte prøvast. Vart to skikkelege tøffingar som sat der og åt sand med kvar sin spade =)

10042010553

1004201038910042010390

RelatedPost

2 Comments