tannlaust

Gutane er fyrste dag åleina i barnehagen – og sia eg ikkje har høyrt noko endå, so reknar eg med at deg går bra! Godt og stille i huset, so i utgangspunktet skulle ein tru at eg kunne få enten slappa av eller gjort noko fornuftig. Dessverre er ikkje helse-Norge bygt opp til slikt…

Halve dagen har eg brukt på nav – ikkje søren om eg giddar skrive det med store bokstavar lenger. Det er ikkje den ting dei ikkje klarar å gjere feil… Og etter små-sår på eine sida av lepen i fleire veker, har eg i dag funne ut at ein liten bit streng eg har att på baksida av tennene i overkjeven har hoppa ut av festet. Supert. Kjeveortopeden eg gjekk til for 10 år sidan hadde ikkje moglegheit til å ta i mot meg før slutten av mai, so ei stor takk til kundeservicen der. Akutt-timar visste dei ikkje kva var, so er sikkert ingen andre  i heile verda som har opplevd at noko har losna før. (Skulle planta lause strengabitar i kjeften på dei og, so dei måtte gått med nokre månadar, so hadde dei kanskje i alle fall tege stillt!!)

Klesvaskekorgene (3 faktisk) er ikkje fullt so overfulle som dei var i går, men elles er huset uendra etter ein dag heime. Sukk. Døgnet har for få timar…

2 Comments