Då var praten i gong =)

Ikkje at det har vore so stille i huset før heller…

No får derimot mor i huset konkurranse om å prate mest. Og høgast. Ikkje alt kan tolkast som ord. Eller prat. Men noko er veldig tydeleg.

Bror 1 ledar enn so lenge. Han har sagt «bapap» ganske lenge – og det er tydelegvis hans ord for «pappa». Bror 2 hermar so godt han kan, og smiler i alle fall breiast… So 1-0 til far i huset – pappa kom før mamma. 

Siste 2 vekene har orda komme eit føre og andre etter. Vinking har blitt polulært, etterfulgt av «hada«. Det er i alle fall det eg får til svar når eg prøvar å få dei til å seie mamma. «Vil de seie «mamma» i dag? «mamma» ? Kan dei seie det gutar? «mamma» ? « mamma’…». Begge to ser dumt på meg nokre sekundar, og so smiler bror 1, vinkar med høgrehåndi si, og seier «hada«…

For 2-3 kveldar sidan sa me «natti» medan me vinka då me skulle legge dei. Bror 1 såg veldig på oss, men sa ikkje noko og vinka ikkje tilbake. Nokre minuttar seinare kunne me derimot høyre på babycallen: «atti… hehe…atti… heheh…atti bapap… atti«…  Me fekk oss ein god latter. Snakkar meg om hermegås =)

Alle bileta på kjøleskåpsdøri må gjennomgåast før kvart måltid. Det er pappa… «bapap» seier dei i kor… So er det tante… «tate» kjem det frå bror 1…. So er det onkel…. nokon gonger seier dei «tate» – andre gonger liknar det faktisk på «uke» – som må tolkast som eit forsøk på onkel… So er det bestemor… «tate» kjem det frå bror 1. So er det bestfar… «tate» kjem det frå bror 1… og so til slutt er det mamma… tenkepause… etterfulgt av vinking,  og so kjem «hada» med det breiaste og mes uskyldige babysmil… eg blir ikkje kalla «tate» ein gong … sukk….

Takk er innøvd… «tatt«… og det blir sagt både om dei får eller om dei gir vekk noko… 

Kosebamsane i senga (gjengen frå hundremeterskogen) er dei vorte best-buddies med,  og bror 1 seier eit eller anna ord for ugla, men det har eg gløymt kva er…. Poenget er at dei sier IKKJE mamma endå…. Gjett om eg får høyre det av far i huset… 

Elles… Bror 2 kom seg plutseleg frå sitjande stilling – til kne – til ståande – for 3 dagar sidan (og då meiner eg plutseleg… skal tru om han har trent i skjul ei stund?). Og sia har han vorte ståande. Å setje han ned er å be om bråk. Bror 2 er nesten endå verre, han skal ikkje berre stå, han skal gå og. Desse to tilsaman er då ein tanke krevjande for tida. Dei var sjuke ei vekes tid, og fekk smaken på det gode liv i fanget. So viss nokon har triks for å avbresifisere dei – vil det bli teke i mot med takk…

Bøker blir berre meir og meir populært. Men sjølv om eg kjøpt 4-5 nye bøker i sogndal i går er det kun traktorboki dei vil lese. Eller det som er att av traktorboki. Klaffar som kan kikast bak er stort stas, problemet er at desse klaffane ikkje er sveisa fast. Gutane tek tak i kvar si side, røskar til, og det endar då sjølvsagt alltid med at ein vinne og den andre tape… Eller sagt med andre ord, gutane vinne og mamma og bøkene tapar… Every damn time….

4 Comments