9 mnd

Kontroll i dag, og gutane var overraskande midt på alle kurvar.

Eg som har vore heilt overbevist om at dei har ete seg utanfor alle diagram – og so var dei heilt midt på! Ikkje nokon grunn til å endre på uvanane då nei!

I dag fekk eg nok ein gong bekrefta at mitt svakaste punkt er avvreise. Ikkje ein einaste gong har eg komme meg avgarde utan å ha lyst til å heller grave meg ned på ubestemt tid. Ikkje skjønnar eg problemet heller. Nokon gonger sler begge gutane seg vrange, og då er sjølvsagt påkledning og bilpakking berre heilt forjævligt. Men i dag var gutane so snille og rolege – likevel klarar eg å klemstre ein finger i vogna, tømme ned ei halv flaske mjølk på stovegolvet og miste ned veska mi ved bilen, so den vart full av snø før me kom oss avgarde. Pust inn pust ut. 1 – 2 – 3 – 4 – 5 -6 – 7 – 8 – 9 – 10

Forrige helg kosa me oss på hotell på Storefjell heile gjengen. Litt skeptisk var eg til å ta med gutane, men det gjekk so fint so. Sjølve oppholdet i alle fall. Nokre matrielle skader ved avreise klarde ikkje å øydelegge helga =)

Me hadde med gåbilen som me har på lån, og du kor kjekt det var å springe rundt i hotellkorridorane og få masse merksemd frå absolutt alle som var der. Bror 1 gjekk heilt bananas då han fekk tak i gardiner, medan bror 2 vart god venn med ein gamal pinnestol. Bading i basssenget var stas, og for oss litt eldre var det overveldande buffêbordet høgdepunktet.

Takk for maten Som takk for maten klappar me litt

Eg og gutane stod opp omlag når far i huset la seg, so døgrytmen vart litt so som so, men alt går for eit par dagar.

Gutane fekk sitt fyrste besøk på Peppes i Hemsedal. Dei klarde å sjarmere dei fleste som var der og. Kvar sin ballong på stolryggen fekk dei, og åt høglytt fullkornsgrauten sin =)

Kveldsgraut på Peppes Grauteting på Peppes

Nytt frå heimefronten: Bror 2 har endeleg fått litt framdrift. Kravling er vel det mest beskrivande ordet. Det går ikkje so fort endå, men han kjem seg dit han vil berre han vil det nok.

Eit nydeleg ver på Nes siste dagane. Rundt -9 grader morgon og kveld, men sola skin i vel 3,5 timar – og det varmar både ute og inne. Flott skiføre har me, men det er dårleg med skigåinga. Eg har holdt meg til turar med barnevogn enn so lenge. Men truleg hadde gutane sete fint i ein pulk no, so kanskje det lyte prøvast snart =)