Ny stamgjest?

Då var det regnvêr her… Er det vel ikkje lenge før snøen er vekke for i år! Eg hadde meg ei økt og rydda litt i huset i dag, og skulle inn på soverommet med nokre klede då eg oppdaga eit nytt individ her på Nes! Kleda hamna på golvet i ein donge i det eg sprang for å finne kamera – so bilde vart det – om enn ikkje heilt perfekt.. det var den telelinsa som mangla! So kombinasjonen dreten glasrute og mi normale, ustødige kamerahånd med eit digitalkamera i på full zoom gav dette resultatet:

Flaggspett

 

 

Eg som nettopp har fullført zoologikurset på Høgskulen i Sogndal hadde denne arten på eksamen – og då var det i alle fall ein Flaggspett – so eg reknar med at det er det no og =)

 

 

Han byrja i det små å hakke i tretoppar nedanfor huset vårt – men gjekk etterkvart over til å hakke i telefonstolpen. Eg skjønnar at han er lei av alle linjene og ledningane her på Nes han og!  Kjekt med ein ny nabo i alle fall =)