heimestyr

Det går villare og villare føre seg i heimen.Den nylånte gå/hoppestolen har vore ein stor suksess. Gutane er i fyr og flamme at dei klarar å komme seg rundt om i romma på eiga hand. Eg og Magne er ikkje i fullt so fyr og flamme, der me prøvar å få undå blomstrar og bilete og tunge ting som ikkje egnar seg i klørne på ivrrige babyhender.

Eit par av blomstrane mine – av dei som eigentleg er døde, dei veit det berre ikkje sjølve endå – dei skal få stå att i glaskarmen. Fyrste leksjonane med «NEI, ikkje røre» er innførde med blanda utfall. Det er meir enn tydeleg at begge forstår utmerka at dette skal dei ikkje bort i, men det er no litt moro lell å ta idet heile tida. Spørsmålet då er vel kven som gir seg fyrst. Ongane som innser at dette slaget er tapt, eller foreldre som gir etter og flyttar ting utanfor rekkevidde? Eg ser føre meg ein krig som kan vare nokre månadar – eventuelt år – men enn so lenge er eg klar for strid…

Bror 1 har truleg inngått veddemål med bror 2 – kven kan drite mest muleg utanfor bleia flest gonger pr dag. I dag var 4 dagen på rad at pysjen bar preg av innholdet i bleia. Great!! Og ikkje nok med at det var nedover låret, under hælen var det komme og… Eg fatta ikkje korleis det kunne gå føre seg, tørka det vekk og fortsatte bleieskiftet.. Nei, der var det komme drit under hælen att. Kva i alle? Sjekka mine eigne hender… ikkje noko der… jaja, tørka vekk att og fortsatte… Og der plutseleg – var det komme drit under hælen att! Ei større etterforsking vart innleda, men det viste seg fort at eg hadde ein innbydande stor brun flekk MIDT på magen… Fantastisk…

Bror 2 har rulla seg rundt og i mente på golvet siste månaden, men har lege i ro på stellebordet. Heilt til forrige veke. Eg skuldar på faren og eskimorullinga – bror 2 må på ein eller anna måte ha høyrt om dette. For no skal det ikkje liggast på ryggen – det er greitt!!!

Medan bror 2 vart endevendt på stellebordet, plasserte eg bror 1 i gå-stolen i gangen. Kva gale kunne han finne på der? Treng eg ha att grindi til tråppi? Han kjem seg vel ikkje bort dit*? Jo, eg får no vere på den sikre sida…

Lite visste eg om planane til bror 1. Han var på utforskingsferd i gangen vår, og DET var spennande det.. gledeshyla kom tett og ofte. Eg hadde kamera på lur, og med bror 2 halvt avbytt under armen måtte me sta og sjå kva bror 1 styra med:

S6302279

Bror 1 skulle ned tråppi! Hoppa og lo og stanga mot grindi…

… deretter var det ei sortering av julepynten (som ikkje er kommen lenger enn til gangen, på veg opp på loftet)

S6302285

S6302281

Prøvde å få bytt ei bleie, men var vel mykje action på stellebordet.

Bror 1 passerte julepynt-hinderet, og kom til utedøra: 

S6302286

S6302289

… og som prikken over i’en velta han kle-stativet mitt. Det stod jo midt i vegen!! Berre flaks han ikkje fekk det i hovudet, antek eg, so eg får vel vere fornøgd tross alt. Men NO var det bra for denne gong, bror 2 under armen med bleia på snei, og bukserte bror 1 innatt i stova… Resten av skiftet vart føreteke på golvet – fallhøgda blir mindre då, både for mor og barn.

Det var dagens bleieskift!!

3 Comments