Jostedalshelg…

… igjen. Det har vore mange slike helgar i det siste =)

Men kva kan eg seie? Det er i Jostedalen det skjer!!

Eit variert program for store og små var det i alle fall. Eskimorulling for far, felespeling for mor, og kose-overdose for dei to minste.

Mykje skryt fekk eskimorullinga, sjølv om eg har høyrt eit og anna klynket om stiv og støl kropp i etterkant.

Mykje skryt gir eg til eit knakande godt felekurs i kuldegradene. Eg som melde meg på ein kveld eg var i det impulsive hjørna – eg angra ein tanke då me nærma oss slutten i gårkveld. Ilt i ryggen, stiv i nakken, krampe i minst 8 fingrar, og sikkert i nokre tær og! Men då eg mot alle odds klarde å krekse meg ut av senga i dag tidleg, so kom eg meg på speling i dag og – og då var dei krampetaka frå i går gløymt. DU so moro det var å spele att.

No lyte det bli andre bollar framover. Må spele oftare. Meir med jamnan. Eg har ambisjonar om å angripe stabelen med innspelte slåttar som ligg nedstøva i kjellaren… Strekkjer tida til?

Leikebyting vart det og tid til. Me kom på Nes att med fleire lånte leiker som lagar lyd og lys, for ein hit det vart, om dog midt i leggjetida =) Bror 2 fekk køyre «gå-bilen» fyrst – fram og tilbake på stovegolvet i fulle fart, heile guten var eit einaste stort smil. Bror 1 sin tur etterpå: han berre hoppa og hoppa og hoppa av glede. Og lo og smilte og prata og styra på. Då kvelds-tåteflaska kom på bordet, og bror 1 måtte opp av bilen og bort i sofaen, so hoppa han fortsatt og prata og lo. Vart ikkje mykje kveldsmjølk i den magen i kveld =)

Endå var det både konsert og dans i dalen som me stod over – me sende barnevaktane dit i staden, slik at me kunne slumre på sofaen.

Viss me då teke med eit flatt batteri, stabilt bikkjekaldt ver med kuldegrader like over og like under -30, samt eit kaffibesøk hos ei god veninne – då trur eg at eg har oppsummert heile helga =)