januarsal

Storsalet starta på Sogningen i dag, i følgje sikre kjelder.

Me monterte 2 stk nye bilstolar i bilen før avreise – vart ikkje att mykje plass til dei i framsetet då nei. Eg sat på tvert i passasjersetet utover mot Sogndal når me ENDELEG kom oss avgårde, og støtta meg som best eg kunne på dashbordet. Ikkje var det behageleg, ikkje var det trygt og humøret var i same leia.

Eg hadde jakken liggande i fanget, for dieselbilar genererar omlag ikkje plussgrader verken sommar eller vinter. So då sambuar, som hadde brukbar plass til å svitsje mellom gass og brems, kom med følgande kommentar: «viss du har god plass til beina kan du jo ta setet litt lengre fram og legge bak ryggen litt»… då var det like før eg hoppa av i fart – kuldegrader eller ei. Får håpe det går an å justere dei barnestolane litt, elles blir det ikkje mange familieutflukter før gutane er 5 år…

SalGet i Sogndal – seriøst ikkje ein butikk som skriv sal, berre salG å sjå overalt – var som vanleg ikkje mykje å skryte av. Eller kanskje var det det viss ein hadde bruk for noko spesielt. Men me som berre skulle ut å sjå, med den tradisjonelle ALTFOR breie tvillingvogna som gjer det umuleg å smette mellom to reolar i any given butikk – me fann ikkje noko på sal. Einaste rabatten eg fekk var 40 kroner i studentrabatt på ein dobbel-dolly meny som eg ikkje burde falle for fristelsen å kjøpt. Wæsj……

Nye gardiner til stova derimot. Det fann eg. Sjølvsagt ein av dei 3 gardintypane som ikkje var på sal som feista, blant 759 typar gardiner som VAR på sal. Jadå, slek er det kvar gong eg skal på sal. Ikkje at dei var so spesielt dyre. Men kanskje var det ikkje det eg hadde mest bruk for?

Eg prøvde å spørje ein etterkvart handlelei sambuar, og to totalt uinteresserte bebisar, men ein av dei ga meg eit likegyldig blikk, dei to andre byrja skrike. Hintet tok eg ikkje, og handla løll. So no har eg lilla stovegardiner, og er kommen i skikkeleg adventsstemning… (salsekspeditrisa meinte gardinene var blå, ikkje lilla, men seriøst – er det noko eg veit, so er det korleis blå ser ut, og desse gardinene er definitivt ikkje blå).

Ei lilla pute klarde ho å lure på meg og. Jadå, hiv ho med, trur eg eg svara. «For å rekflektere fargen i gardinene». Korleis er det muleg med berre ei pute, undrar eg no etterpå? Spesielt sidan eg har to stovar. SO god refleksjon er det vel ikkje i den eine puta? Men det er sikkert meg som ikkje heng heilt med.

Sambuaren handla ei veggklokke. Ei som har to sider som viser klokka. So no skulle eine sida vise pappa-tid, og den andre mamma-tid, fekk gutane beskjed om. Desverre er ingen av dei to tidene kompatible med standard GMT +1, so kva tidsone gutane hamnar i når dei vert store er ikkje godt å vite.

Me var på jakt etter eit nytt stovebord, men helst eit ikkje altfor dyrt, eit som ikkje er altfor breidt, mørkt i fargen, og helst med ei hylle eller eit eller anna oppbevaringsgreie under. Nei, det vart for mange krav, finnst ikkje.

Lampe i taket skulle me og hatt. I kroken ved fjernsynet er det kun mogleg å sjå kvarandre dei to timane sola skin, og då heisar me som regel ned persienna… Lesekroken har liksom ikkje heilt det eine elemenetet som krevast for å bli kalla lesekrok…

At det er kaldt, det skrive alle andre medium so mykje om, at det giddar eg ikkje bruke tid på. Me har heite ullklede alle 4, godt isolert hus og mykje gratis ved, so har ingenting å klage over =)

Related Post

4 Comments