hmmm…

.. til informasjon …

Han som har tenner, vil ikkje tygge. Han som ikkje har tenner tygg alt: vatn, fruktmos, kjeks og luftboblar.

Han med tennene er ein rasar på å knase kjeks og stappe det inn i øyrene. Det klarar ikkje han utan tenner, men han får kjeks til å fosvinne umåteleg raskt. Kan han trylle? SO fort kan ikkje ein utan tenner ete opp ein kjeks, gang etter gang?

Han med tennene svel altfor store bitar ved å gjespe, hostar infernalsk. Og ofte etterfulgt av hikke. Hikken kjem gjerne ikkje før nokre minuttar seinare.

I dag hikka han so høgt at han sjølv vart redd lyden. Eit syn der han sat, med kjeks i øyra og over heile fjeset, og sjokk uttrykk etter kvart hikk. Etterkvart intens skrik – som ikkje forsvant sjølv om han kom i fanget, for denne høge hikke-lyden fulgte då etter oss kvar me enn gjekk?

Han utan tenner elskar vatn. Eg veit ikkje om det er FORDI han tygg vatnet, eller PÅ TROSS av at han tygg vatnet, han svel i alle fall stort sett feil dei fyrste intense slurkane. Han får det då sjølvsagt i vrangstrupen, og hostar so kjeks flyg hist og pist. Raudsprengt i fjeset gir han meg alltid eit frykteleg blikk: «var det du som gav meg ditta fæle vatnet som berre går i feil røyr?» – so strekker han seg etter koppen, og drikk vidare som om ingenting hadde hendt.

Det er jamme mykje ein får oppleve på kjøkkenet med to slike små =)

2 Comments