home sweet home

Fortreffeleg triveleg med jul i Jostedalen, men steike godt å komme heimatt på Nes i gårkveld!

I dag har mannen vore på jobb, og eg frykta det vart eit sirkus utan sidestykker her heime. Gutar som har klynka ein gong har fort hamna på fanget til den som fyrst nådde fram. Eg tenkte overgangen til mitt regime ville verte hard for fleire. Men eg uroa meg utan grunn (meir eller mindre som vanleg).

Mannen monterte leikegrind i gårkveld – og den var det stas å sitje i i dag. Skal tru kor lenge det varer? Det vart i alle fall langt kortare å hente leiker tilbake til ivrige hender =)

Eg har lyst til å bygge på gangen. Det er same kva me prøvar og gjer, og truar og ber – inngangspartiet vårt er fyllt med rot. Dag ut og dag inn. Veke ut og veke inn. År ut og år inn. Me kan lett skulde på bebisane no for tida, at me ikkje får tid til å rydde. Men me var ikkje det spor betre før bebisane kom. Eit lite julesukk om den saken…

Romjula er i hovudet mitt tida for gode julefilmar og mykje kos på fjernsyn. Men skuffa kan eg konstatere at det ikkje er noko på programmet av det som eg kunne tenkje meg å sjå. So då kan eg ikkje skulde på fjernsynet heller – for at ikkje noko blir gjort her i huset.

To dagar til nyttårsafta. Kva skal eg love meg sjølv i år? Desse løfta vart ei stund større og større, slik at det skulle bli lettare og lettare å bryte dei – heilt til eg lova meg sjølv å ikkje komme med slike høgtidelege løfter meir. Eg har ikkje noko tru på at det er lettare å holde noko ein startar med 1 januar i forhold til 1 august eller 26 juni. Men i og med at eg påstår dette, so ligg det i korta at eg lyte prøve å motbevise det. Matematikk i praksis. Ergo: eg må få meg eit nyttårsforsett. Det lyte bli noko med mat. Kosthold. Skal tenkje litt på formuleringa… Det lettaste er vel å love å ete meir, det er i alle fall det som er lettast å holde. Men det skal jo ikkje vere lett. Og dessutan trur eg ikkje det er fysisk mogleg. Nja, ditta byrja å bli skummelt. Ro ro…

… kajakk. Me lurer på å investe i ein kajakk. Ser føre meg koselege turar på blikkstille fjord. Berre å rusle ned i pølsevikji eller ned til fyret, og so leggje utpå. No som me bur her ved havet og alt. Bår blir ikkje på tale – ikkje på lenge i alle fall. Garasje fyrst. Og det blir heller ikkje på lenge.

Twittringi mi går litt på halv åtte. Eigentleg er bloggen og facebook og twitter akkurat det same – og det blir for mykje styr å holde alt oppdatert. Eg burde kutta ut i alle fall to av delene. Men det skjer vel ikkje. Hadde vore betre med eit velfungerande organ enn 3 del-fungerande. Men igjen, det hadde vore for lettvint…

No skal eg på leit etter ein julepressang som har forsvunne. Han dukka ikkje opp under treet julafta, ein pressang som eg og broderen kjøpte i lag, men som eg skulle ha ansvaret for. Eg prøvde å rekne ut det berømte julereknestykkjet før i kveld, og kom til at eg har gått kraftig i minus. Overraskande var det borderen som kom genialt best ut. Når byrja han å ta over heile julehandelen? Ikkje at eg klagar. Betre å betale enn å stå i kø. Før om åri har broderen komme på kva me skal kjøpe, eg har kjøpt og søste betalt. Ein genial ordning. Sjølvsagt har det komme nokre oppgjer etter desse handlerundane og, men då har eg som regel gått i null. So litt skuffande er det då å innrømme at ein av dei få pakkene eg skulle ha ansvaret for i år er forsvunne i huset mitt. Greit nok at me har litt rot, og då tenkjer de alle «ja men litt rot har me då alle»  – men de skulle berre visst, seier eg då.

So derfor: Den store leiteaksjonen er i gang. Eg leitar litt innvendig fyrst. Kva dag vart denne pakka handla? Kva anna handla eg? Kvar kan det ha blitt plassert i fyrste omgang? Hmm… det vart handla den dagen eg var på handling saman med ei veninne… kan det vere so enkelt so att det stod att i bilen hennar?

Her  må det ringast, kanskje klarar eg å finne pakka utan å reise meg frå stolen?? Ei fortsatt god jul til folket =)

3 Comments