Ei retteleg god jul til alle saman!!
Det vart ei litt hektisk, men sjølvsagt ubeskriveleg koseleg julafta. Uvant med 3 bebisar rundt bordet til julemiddagen. Og det vart vel berre 4 pakker me fekk åpna – so måtte dei minste lalle puta =) Då senka julefreden seg over meg, og eg fekk att pusten…
Og so var det stas å kunne opne pakker i dag og! Nye leiker, det er kjekt det. Trudde ikkje småtrolli forstod noko endå, men der tok eg feil. Dei skjønnar det meste =)
God mat, varmt og godt i huset, mykje sosialt lag og litt ekstra avslapping! DET er jul det.
Me fekk besøk av nisse i bleie i år =) Ein må tidleg krøkast…
*** GOD JUL ***



Det såg ut som gutane hadde det som plommene i egga. Fortsatt god jul til dåkke!
takk, ei fortsatt god jul til deg og dine og… Gutane har skratla samanhengande i 5 dagar. Det skulle ikkje mange lydane til før det var eit fang å sitje i!!