Veke 4 – Grunning av rekkverk

No har me komme i gang med grunninga. Har vel gjort undå omlag 1/6 av arbeidet. Skikkeleg putle-arbeid. Men heilt greit å kunne jobbe nedi kjellaren. Heitt og godt =)

Eg rører godt =)    Magne i godt humør =)

Har teke eindel bilder rundt huset og – Magne var so bekymra for at alle bildene våra av huset blir so mørke. Det kjem jo av at me tek bilde når me kjem heim frå jobb i 4-tiden om ettermiddagen og det er begynnt å bli mørkt – so det var kjekt å ta eit par bilder i dag i solglimta =)

Her kjem verandaen vår snart...   

 

 

     Her kjem verandaen vår om ikkje so alt for mange dagar! Blir moro å sjå korleis huset tek seg ut med veranda på…

 

 

 

 

Var so fint med sol på glasi! Vart flott no når dei har kledd oppunder ufsen.

 

 

 

 

 

    Sola braut so vidt i gjennom =)

 

 

 

Åsso må eg jo ta med siste innsatsen til Hans – i går kveld kom han med golvet til raus-loftet vårt! Han hadde handla inn det me treng, so Magne var med han å fekk alt oppå sperri, klart til å leggast so fort me har fått på isolasjonen (som kjem om 2-3 veker…)

materialen til golvet på loftet er kommen på plass, klar til å leggast

I måro får me prøve å grunne meir – slik at alle borda blir ferdiggrunna på eine sida…

Det var det… No skal me oppi Jostedalen =)

GOD HELG ALLE SAMAN