kvelden før kvelden før kvelden

Dei to minste gutane søve søtt i sengene sine. Den største guten er vel truleg kommen ein plass mellom Hemsedalsfjellet og Lærdal, på veg heim med ny bil. Eg sete neddynga i «maoam»-papir i godstolen og tenkjer på at i måro – DET blir ein stressande dag det!

Plutseleg er det er jul. Det er 8 månadar sidan eg låg i Førde og skreiv opptil fleire blogginnlegg for dagen, og kjeda meg gløgg i hjel. Det er eit heilt år sidan morgenkvalmen endeleg måtte gi opp. Ikkje at eg hugsar at den spyingi var so grusom…

Og kva eg gjorde på før eg var gravid – dei 28 åri – det har eg heilt gløymt. Eg kan ikkje skjønne kva me dreiv med. Opptekne var me heile tida, men blir liksom ein vits når eg ser kor lite fritid me har no i forhold til då.

Eg skulle prøve å rydde soverommet vårt i dag. Klede har blitt slengde inn der, so haugane nerma seg takhøgd. Eg hadde planar om å vaska vekk i alle fall noko av støvet på badegolvet og vaskeromsgolvet. Tømme alle bosbøtter. Hamstre bleier og babymat.

Eg kunne gjort ein innsats no i kveldingi og, men eg kjem meg altso ikkje opp att av stolen. Skal tru om eg kan sove her i natt…

Eg har konstatert at adventsstjerna vår har slokna. Magne hadde ei god forklaring på kvifor, men eg veit ikkje om eg forstod det heilt. Adventsstaken har ikkje virka i år. Han virka fint då eg pakka han vekk ifjor. Eg skifta ut alle lyspærene – vel og merke vart det då fargapærer i staken, men virke gjorde han ikkje. Og juletreet vårt har visst blæse vekk. O jul med din glede…

Gutane har ete sin fyrste fiskebollemiddag i dag. Det fall i smak. Eg funderte på om det kanskje var litt for store bitar for bror 1 – han tygg ikkje mat, berre svel det heilt. Men han hadde ein fasinerande teknikk der han gjespa maten ned… So det gjekk so fint so.

Eg skulle heilt sikkert absoultt ha pakka alle sakene me treng til julefeiringa, men det ser eg ikkje skje no i kveld. Eg får satsa på å få ei ekstremt god nattesøvn i natt, slik at energinivået i måro er betrakteleg høgare enn det har vore i dag. For det skal no jammen bli kjekt med jul. Mange barnevaktar som kan ta ein tørn, rikeleg med mat i magen – og soving og avslapping med god samvittigheit. Ein juleskitur blir som ein bonus å rekne =)

Då var det nok sjølvpining for i kveld – eg får heller fortsetje med å tykkje synd i meg sjølv ein kveld utpå nyåret som det passar seg. Ein siste innspurt – og so lalle puta =)