advents-stria

Å pynte med to ulike fargar so tett på kvarandre i tid som advent og jul blir ikkje aktuelt, so då blir det raudt heile vegen.

Vasking av glasruter i går – og litt kneskrubbing bak sofaen og under kjøkkenbordet. Det gjorde susen. Stjerner og stakar og dingeldangel på plass. Gutane sette store auger – so mykje lys å sjå på. Dei var leie av å konversere med dei andre lampane våre, so kjekt med nye venner =)

Julesongane er so vidt byrja å svirre i hovudet mitt. «På låven sitter nissen» er framført med hell inntil fleire gonger, men den songen er eigentleg utruleg slitsam, og gutane blir fortsatt svært bekymra når eg etter » 1-2-3-so er de vekk»-gøymer meg under bordet, so vurderar å innføre ein litt rolegare julesang snart.

Søvn er stikkordet fortsatt. Dei stabile gode nettene er litt ustabile for tida. Tenner? Tett nase? Prating i søvne? Eg trur årsaka er samansatt. Søve gjere me i alle fall ikkje. Eller det vil seie to av dei tre gutane i huset søve bra, men ingen av dei gutane er meg, so EG ER SLITEN. Nokon som har gode erfaringar med bebisar som snakkar i søvne? Snakkar so høgt og intenst at me høyrer det gjennom to dørar med gang i mellom? I natt prøvde me vekking – det var ikkje noko god idê…

Julehandelen er omlag avslutta. Planen var å skunde seg å handle alle julepakkene før kontoen vart tom. Og det gjekk nesten. Litt verre med julebaksten… ser ikkje heilt føre meg korleis det skal kunne gå føre seg. Har ein eksamen eg må prøve å smette inn og. Dei sele vel 7 sortar både hist og pist. Om ikkje anna er det sikkert minst 7 sortar i ei konfektøskje, som vår gode nabo so fint poengterte.

Fotosesjon for julekort er vel overstått. Eg kan ikkje fatte og begripe korleis me skal klare å få eit einaste bilete nokon gong ever der begge ser på fotografen, begge har åpne auger og begge smiler. Mission Impossible…

Her er eit glimt frå forrige fotosesjon. Ikkje heilt blånissar – men close enough =)

PICT5827

5 Comments