klare til kamp

… sofakroken er okkupert!

PICT5763

Eg hadde eit håp om å få bror 2 nedåt – for han hadde eit litt svingande temperament i dag… men DÅ starta sirenen. HAN skulle ikkje sove. Og då pappaen kom trøstande til og sa at sjølvsagt skulle han få sjå kampen, forstod eg at slaget var tapt.

Dei to var veldig enige om at bleieskiftet måtte gjerast FØR kampen, so slapp dei å bli forstyrra av slike triville småting UNDER kampen.

Eg har mine tvil om dei to minste er lika utholdane som pappaen når det gjeld å sjå fotballkampar endå… men EG skal ikkje blande meg borti det pedagogiske opplegget her… EG skal sjå kamp. For EG ville nemleg legge dei FØR kampen…

Men kanskje overraskar dei stort og er i strålande humør. No rungar i alle fall «stao no pao» frå sofaen i diverse toneleier, med nokre «dæ dæ dæ» og «ohhhh» inni mellom. Dei tre gutane kunne ikkje vore meir engasjerte – so då håpar eg for min eigen del at Sogndal vinne og rykke opp, elles blir det ei drastisk utfordring for husfreden utpå ettermiddagen…

2 Comments