dagen derpå…

… muleg eg kan ha over-over-reagert… ein tanke…

Dagen i dag har i alle fall vore meir normal.

Sola kom på huset vårt kl. 09.13, og då såg det slik ut ute:

PICT5746

Eg var veldig meint på å finne ut når sola forsvant att frå huset ôg, men det gløymde eg sjølvsagt 100%, so då lete me det vere eit mysterium til neste skyfrie dag (som eg er heime) kjem! Forresten, muleg sola for i 3-tida… eller litt før?

Muren som byrjar å komme opp på aust-sida av huset vårt:

PICT5745

Her skal det komme ei trapp innved veggen, og so parkeringsplass oppå. Ein eller anna form for natur-skråning ned i hagen, det er Magne som er primus koordinator frå husstanden, men det meste blir opptil maskinentrepenørane våre å avgjere, for me har i grunnen ikkje snøvelen peiling på kva som lete seg gjere, og kva som er mest og minst arbeid.

At det er HEILT umogleg å oppdrive stein til å mure med i indre-Sogn har eg derimot fått med meg. Mykje dårleg stein til sals for svært høge prisar – stein som er åttekanta eller forma som skulpturar – lite egna til å mure vanleg gråsteinsmur med. So viss nokon føler for å starte eit stein-tak, so er der nok mykje peng å hente. Reknar med dei fleste tenkjer slik som oss – det er ikkje prisen som nødvendigvis er problemet (eller det er vel litt det og i vårt tillfelle) – men det er kvaliteten…

Det har vore mykje respons på «klage-og-syte»-innlegget mitt frå i går – so no har eg testa meg for diverse og skal teste meir. Godt å tenkje på at eg ikkje innbiller meg alle problema mine, for det var litt som ikkje var som det skulle… So eg får tilbake til den forhatte boksen min med jerntabletter og knaske i veg! Og so håpar eg det er meir som kan gjerast når resultata på alle blodprøvane ligg føre! Men reknar med at det alvorligaste ikkje er verre enn at blodprosenten min MÅ opp… Fleire, spesielt mamma, har prøvd å få i meg litt anna mat enn det eg lever av for tida, so eg LOVAR eg skal bli flinkare til å ete leverpostei med raudbetar, blodpølse og ikkje minst persillebuskene som plutseleg står på disken min. Neste gong det kjem ei persillebusk i huset skal eg sluke ho heil – med potte og røtter og heile pakka.

Ein knaskande onsdagskveld til dykk alle!!

2 Comments