AAAAAAAAArghhhhhhhhh

NO smelle det snart…. Åhhh – eg er so sint so sint so sint so sint…. blæhhhhh

Ikkje spør kven eg er sint på, for det veit eg ikkje. Drittmøkkatulledag. Alt går te …

Eg er rasande. Ongane er rasande. Om dei fekk meg rasande eller eg dei veit eg ikkje. Uvesentleg. No ligge dei i kvar si seng og hyler – eg sete i kjellaren og hyler. Kven gir seg fyrst?

Åhhhhhhhhhhhhhhhhhhhhhh – nokon gonger har eg so innmari lyst til å setje meg i bilen og berre køyre. Langt vekk. Laaaaaaaaaaangt vekk. Utan mål og meining og telefon og e-post og masete folk som aldri tek eit hint og som berre er komplett idiotar!

Småbarnslivet er eit helvete til tider – eg trudde eg visste det før eg vart gravid, men det visste eg ikkje. Ingen kan vel vete at det kan vere so grusomt før dei sete midt oppi suppa sjølve!! Nokon dagar vege berre ikkje alle dei supre og flotte øyeblikka opp for alt det andre dritet. Sukk.

I rein desperasjon ringde eg helsesenteret og fekk bestille rekvisisjon på blodprøvar på labben. Blodprosenten min som i sommar låg mellom 7 og 8 var faktisk vel 11 att i august eller noko – men jernlageret mitt var veldig lågt. Eg kan ikkje skjønne anna enn at det manglar eindel der fortsatt… enten på jernlager eller i blodprosent…. So elendig kan eg ikkje føle meg utan grunn?

Og so dinna f…… hovudverken som har banka og banka og banka og banka og banka og banka og banka og banka i HEILE j…… sommar! Eg ete paracet til det spyr ut øyrene på meg – men hjelpe berre ca 2 timar i gangen. Må vere skummelt å ete so mykje paracet. Er kanskje immun allerede? Jaja – synd for meg.

KLAGE KLAGE KLAGE KLAGE

I går var eg til gåpn att ein runde – for avtale nr. 9456 på helsesenteret siste 3 mnd. Tvillingane skulle til Carla for litt bøyg og tøyg. Tenkte at eg som vanleg kunne prøve å gå ein trilletur før me skulle inn. Ny rekord vart det – eg fekk gå over 15 minuttar utan at ongane skreik. Heldigvis hadde eg berre lagt opp til ein 20 minuttars tur, so kom frå det med skrekken. Men har endå til gode å gå trilletur i Gåpnen uten at tårene renn!!! ER DET BERRE MINE ONGAR SOM IKKJE VIL SOVE PÅ DAGTID…. arghhhhhhhhhh…

Og berre når EG går tur med dei? Magne kjem med eine solskinshistorien etter den andre frå sine utflukter. SO OM DET GJERE DET NOKO BETRE!  No har eg trappa gradvis ned sjukmeldinga siste månadane i håp om at eg kanskje snart kan friskmeldast og vere mor på heiltid slik som normale folk som får ongar, men slek det ser ut no må eg heller trappe opp sjukmeldinga om eg ikkje skal gå heilt på dunken. Og det snakka eg mykje med legane om i sommar – at ditta tek tid og eg måtte vere førebudd på langsam prosess tilbake til normalformen – for kroppen var totalt mørbanka og tom for krefter – men at det skulle gå SO F…… treigt!!! AAAAAAArghhhhh. EG VIL IKKJE VERE TRØYTT MEIRA…. Sukk. Eg vil berre vere normalt trøytt etter nattevake og normalt sliten etter småbarnsstyr og stell. Er no andre enn meg her i verden som har takla å få tvillingar utan å klikke heilt?

 Og berre for å krone dagen: siste dagane har det starta å leke eit eller anna skvip ut av brystvortene mine. Mjølk? vatn? brus? Kå det er slags styr? Eg slutta jo å amme for 4 mnd sidan… Mjølka kjem vel ikkje att slek plutseleg utan grunn? KÅ DET ER SLAGS TULL

Jepp….. det var dagens tekst. Take it or leave it.

Blææææææææææææææææææææææææææææææh

4 Comments