79 grader nord…

… heiter boka om året på Svalbard for familien Stein P. Aasheim.

Eg har i desse dagar lese boka, innimellom bleieskift, skrikande ongar og flaskevasking.

Og slik som dei ongane der er beskrivne – SLIK vil eg at mine ongar skal bli og. So uredde. So glade i naturen. Og so lite masing og kjasing om ting som ikkje betyr noko som helst.

Dei budde eit år i isøde, er vel ein 7-8 år sidan, med jakt på rein, sel og rev, isbjørnar rundt hytta – og ongar midt oppi det heile. Eg er sjeldan fan av slike bøker om ekstreme opplevingar, eg foretrekk å sjå kortversjonen i ein dokumentar. Men denne boka greip meg på ein eller anna merkeleg måte. So godt formulert. Eg meiner eg såg programmet som vart laga om opphaldet for nokre år sidan, men då tykte eg ikkje det var so spesielt. No har eg lese boka, og er storleg imponert.

So ekstremt blir det ikkje i livet mitt, det kan eg seie heilt sikkert. Men kanskje me klarar å få inn små øyeblikk i livet som kan gi ein brøkdel av denne gleda? Tenk noko so enkelt som å sove på stølen ei heil veke i strekk? Berre det er ikkje so sjølvsagt… Eg hugsar me gjorde det då me ongane var småe. Og for nokre gode minner eg har frå den tida. Tante Sogndal som datt ned eit bratt sva og skremde livet av meg, men omlag utan ei skramme tufla ho oppatt i tøflene sine som om ingenting skulle ha skjedd. Onkel Gjøvik som klarde å trø uti dammen tre gonger på same dagen og måtte byte frå topp til tå. Me var ute frå tidleg morgon til seine kvelden…

Eg må berre stjele nokre sitat frå boka som eg lo meg skakk av – men som har ein alvorleg undertone. Samanlikna med nokon av dagens unge som veks opp… Yngste jenta i familien var 6 år, vart 7 på slutten av opphaldet.

«I går skulle vi hente Ingvill inn for legging. Da hadde hun vært ute hele dagen. Det var 23 minusgrader. Vi måtte tilslutt overtale henne med resten av en kake som vi hadde spart.»

«…-Kan du kikke ut og se om det er noe bjørn?, spør Ingvill hver gang hun skal ut og leke…»

For ikkje å snakke om andre jenta i familien som var 13 år under opphaldet. Familien fekk tilbakemeldingar om at det måtte vere barnemishandling å reise med ongane til ein slik øde plass… For nokon familiar hadde det nok vore det ja… Men ikkje for ein familie som er vokse opp med turar og uteliv heile året. FOR nokre minner dei må sitje att med… Kjenner eg er misunneleg. Men eg hadde aldri tørt å leve i pakt med isbjørnen på denne måten!!

Vel, det var dagens bok-omtale. Kjenner eg vart litt riven med =)

I heimen har det vore ei trassig veke. Vaksinerunde nr. 2 var på tysdag, og særleg bror 2 har vore litt pjusk og varm, og frykteleg krevande. Skal ha merksemd og augekontakt heile tida. Slitsamt. Dei har fått sine fyrste tute-koppar – som dei ivrig suttar på etter morgon-grauten og kvelds-grauten. Bror 1 tok det heilt naturleg. Strekte ut armane då han fekk sjå koppen for fyrste gong – og rett i munnen med tuten. Bror 2 såg litt meir skeptisk ut, og kasta koppen so langt han fekk han. Nytt forsøk, okay då, han kunne gå med på å bite litt på handtaka =) Men det kjem vel etterkvart.

Når gutane er komfortable med tutekoppane og får i seg vatn på fyrste forsøk, trur eg me er klare for å kutte ut nattmåltidet med mjølk. Kjenner eg gruar meg allerede. Nettene har vore so bra, men slite på lell å måtta stå opp kvar natt! Om det berre er for 20 minuttar. Den natta ongane søve rundt skal eg feire. Eg kjem til å gå bananas – det er sikkert =)

Trur faktisk det byrjar å klø godt i gommane til gutane og, spesielt på bror 2. Kanskje er dei fyrste tennen like rundt hjørna – og det kan vel kanskje bli utfordrande nok det og. Eg veit ikkje kva som er best eller verst. Att begge får omlag samtidig, eller at ein får fyrst og roar seg før den andre byrjar å få? Vel, ikkje noko me kan styre uansett, so får ta det som det kjem =)

No skin sola so stor og rund. Då lyte me prøve å nytte laurdagen til ein trilletur. Det blir vel opp i Aasen som vanleg – ei perkfekt rute frå Sperla =) Halvegs-vegen vart litt i brattaste laget no når vegen var blaut og gutane samla veg nesten 16 kg. Men går det ôg, viss eg er sinte nok. Utruleg kor mykje krefter ein kan mobilisere viss ein blir skikkeleg forbanna… Skal likevel prøve å vere harmonisk dei neste dagane. No er det helg, og det betyr fleire armar til å styre på med gutane med. Gode greier =)

Med ynskje om ei triveleg helg i flott haustvêr!!!