Englebarn i pysj =)

Litt kosing før leggetid er obligatorisk – ikkje noko er vel betre enn å smette inn i ein mjuke, varme pysj, og so sitje på fanget og berre kose =)

Slek trur eg i alle fall at gutane våre tenkjer, for når dei ligg på stellebordet og spritlar, og får kjenne på klesplagget me held at det no er pysjen som skal på, so smiler dei breitt og gnekar seg inntil pysjen… Hmm… jo, det kan vel vere dei gjere det med dei fleste plagg dei får kjenne på – og det å ta på ermane er uansett ei kvie større enn kva som helst anna her i verda… men kos etterpå er det uansett =)

Me dedikerar kveldens kosebilder til oldemor og oldefar i Årdal som me snart håpar me får anledning til å besøke =)

Det er nok få ting som er betre enn kosing på pappas fang:

Kosing på pappas fang

kveldens blinkskot

Pysjkose-kameratane =)

Og so eit bilete som bror 1 insisterte på å ha med: han vil vise oldemor kor flink han er blitt til å holde flaska sjølv:

drikke sjølv no =*)

(Han helde flaska med ei hand og til ære for fotografar, men ettersom mesteparten av mjølka då havnar i sofane so prøvar me å unngå det =)

 

 

5 Comments