babygraut og hubba bubba

… ein diett som kan drive kven som helst frå sans og samling

No ete småtrolli graut både morgon og kveld. Og eg prøvesmakar og snike meg til eit bet inni mellom, eg og. Det går i risgraut til 4mnd-baby, og no er me og byrja på havregraut til 6mnd-baby. Smakar slettes ikkje so aller verst… Det er i grunnen det eg får i meg av «skikkeleg» mat om dagane. So blir det panser-raid gjennom kjøkkenskåp etter alt som kan fylle opp ein skremmande usunn mage. Stor var gleda då eg i dag fant ei pakke hubba bubba bakerst i godteskåpet…

Svolten herja, og eg kjende kreftene mellom det gode og det onde kjempa besatt – nei, no MÅ eg få i meg meir skikkeleg mat. Skuffa kunne eg konstatere at dei to brøda som låg grøne og fine på disken, dei kasta eg jo i går. So då vart den sunne maten berre med tanken. I dag og… Nytt kjøkkenskåp-raid, og kjeks av ulik konsistens og holdbarheit vart gumla ned på høgkant mellom flaskevasking, bleieskift og underholdning. Podane krev litt meira oppmerksomheit no, det held for so vidt å stikke hovudet over leikestativa og «bobbe,dobbe,gobbe»-litt inni mellom, i alle fall so lenge dei ikkje er trøytte, svoltne, har noko i bleia eller generelt kjedar seg….

So eit spørsmål: Korleis få ein trøytt baby til å sove dei berømte lange «dag-lurane» som gir litt antydning til overskot?

Eg har ein pode som med litt overtalelse og hjelp kan sove mellom 1,5 og  nærmare 2,5 timar på ein god dag – fantastisk flott!  Men andremann – sukk – han skal oppatt etter knappe 40 minutt. Stuptrøytt og rasande sint på alt og alle strammar han føtene og står oppreist i fanget, for SOVE skal han ikkje meira. Og ikkje lett å tviholde på samkøyrt måltid når dei søve so hulter i bulter dagen lang…

Dei søve fortsatt som nokre englar på natti, so eg har vel ikkje lov å klage høgt, men hadde sett so pris på ein liten pause på dagtid og… Her ein dag fekk me begge til å sove to timar tidleg på ettermiddagen. Dei vakna utkvilte som berre det i 5-tida – og sovna at som vanleg ved leggetid rundt 7 -halv 8. Men den natta var dei urolige frå klokka 3 og fram til fyrste kvil klokka 8 om morgonen. Spetakkel… Derfor er det sjølvsagt på føremiddagen at den goe, lange luren bør vere…

Kjem ikkje på meir eg kan prøve for å få han til å sove lenger. Trudde graut på føremiddagen skulle fylle opp magen so pass at han vart liggande i søvne ei stund lenger, men planen har ikkje fungert endå.

So då bror 2 i dag vakna etter dei obligatoriske 39 minuttane prøvde eg å legge han i vogga. Då han skreik so høgt at eg skreik og, måtte eg innsjå at den kampen tapte eg. Ut i vindkavane og slepte inn vogni frå bilen. Oppi baggen med guten og byssan lulle fram og tilbake. Stillt. Eg tok 3 skritt mot kjøkkenet, og sirenen på att for fullt. Byssan lulle ei stund til, og AKKURAT då han hadde skreke kontinuerleg i 55 minutatt og ENDELEG sovna… då vakna bror 1, utkvilt og fornøyd, og kunne ikkje forstå korleis eg kunne vere so trøytt og sur når han var so utkvilt og fornøyd…

Vel, vel, det var dagens utblåsning. Berre 2 timar og 6 minutt til Magne kjem heim frå jobb? Oh det glade babyliv…

2 Comments