Jagershaug

Ein del av topptrimmen 2008-2010

Magne har sneke seg til å ta nokre toppar inni mellom, det har derimot ikkje eg klart, so var skikkeleg bekymra for at eg måtte gå alle toppane til neste år – heilt åleina…

Men so dukka det opp ein perfekt turkammerat frå Kaupanger, og no er me i gang med innhentinga.

Resepten er lik den for to år sidan, me går nesten uansett vêr og føre, med hovudlyktene trygt med i bagasjen =)

Jagershaug er sikkert ein flott utsiktstopp, og ein nydeleg plass viss ein har gode sko, fint vêr og god tid…

Eg har truleg lagt at fjellskodna mine i Jostedalen, so måtte for anledningen stille i joggesko. Blautt er ein ting, men u-trente legger/anklar fekk gjennomgå i ulenda =)

Vêret var kraftig vind, tjukk skodde som kom og gjekk, eigentleg mest kom, og meir eller mindre regn.

Tida var heller knapp. Starta frå bilen på Røssesete kl 17.15, og kom då nedatt til bilen med margin på opptil fleire minuttar før klokka slo 8, og det eigentleg var bekmørkt i skoddeheimen. Fekk ikkje bruke hovudlyktene eingong…

På toppen såg me ikkje eit fnugg, alt var kvitt. Og me holdt på å blåse i venda om me ikkje konsentrerte oss 100% om å stå oppreist. Trur ikkje eg har opplevd slek vind i fjellet før… Forsvarleg? Kanskje ikkje heilt – men me tykte no me hadde bra kontroll løll.

Ein litt annaleis topptur – som me ikkje gløymer med det fyrste =)

Ein glad vandrar =)