fysjom feien…

.. for eit vêr. Sterk kontrast til forrige blogg-innlegg =)

Ein trilletur måtte likevel til – heldigvis kom me oss ut på føremiddagen medan det endå regna berre mykje. Bror 2 sov som vanleg AKKURAT til eg var kommen til enden på turen min og hadde snudd vogna for å gå tilbake. Då var det skrik og vræl og hyl og hei ei god stund – takk og lov at me var langt frå folk. (alltid lika overraskande at me ikkje møter folk på turane våre – ettersom eg som regel berre kjem meg ut når det er skikkeleg møkavêr)

Men det som ikkje tek knekken på oss, gjere oss sterkare – so de kan tru bror 2 er blitt sterk i dag =) Bror 1 fekk sjokk då bror 2 endeleg sovna, so då prøvde han seg med nokre krigshyl for å vekke bror 2 att, men mislukkast heldigvis 100%.

Utover dagen har det jo berre regna meir og meir og meir. Eg svergar på eg såg ein fisk passere for litt sia – so tett var vatnet!!

Då vart foreldrene i ditta huset litt småleie, men heldigvis veit dei yngre råd: Bror 2 tok lika godt fram go-boki si, og sette seg og les høgt for bror 1:

"det var ein gang...."

01092009504

Når det byrja å lette so vidt det var, forsvant far i huset på trening. Eg kunne godt tenkt meg å køyrt ein liten snue og teke eit bilete (eller 3) av vatn i ulike former, men sia gutane søve, so kjem eg ikkje mykje lenger vekk frå huset enn ut på verandaen. So då må eg nøye meg med bilete tekne derifrå.

Feigefossen

den brune armen kjem som vanleg ut i fjorden når det regnar som verst

 

etter regn kjem sol 

Heiter vel seg at «over skyene er himmelen alltid blå»? Sanneleg stemde det i kveld og gitt. Jammen flaks =)

3 Comments