Kva skal ein med treningssenter…

… når ein kan reise på shopping med tvillingar?

Eg tykkjer i alle fall at det gir same nytten: eit sværa tiltak, og eit kav utan like for å komme seg ut dørane, når ein kjem fram oppdagar ein alltid at det mest essensielle for turen ligg att heime, sveitten silar konstant, når ein kjem seg tilbake til bilen er ein totalt utslitt men og fornøyd med innsatsen, tankane i hovudet er at «ditta var på tide, men jammen skal det bli lenge til neste gong» – og ein dusj er høgst nødvendig når ein kjem seg i hus att =)

Ein ting til eg har oppdaga i dag, som truleg kjem til å gjelde i alle fall resten av dette året, og kanskje langt inn i år 2015: Det ein ikkje får handla på 45 minuttar, det blir ikkje handla. Og butikkar som er overfyllte med so mykje rot at avstanden mellom stativa er mindre enn ei tvillingvogn, dei mistar mykje av inntekta si neste året!

Som alle sikkert forstår: eg har vore på handel i dag. Mi fyrste utflukt til sogndal heilt åleina med gutta boys. Og turen må seiast å vere særdeles vellukka. Ikkje gret ongane og ikkje gret eg =)  One small step for mankind osv…

Einaste minuset var at det var heile 3 kjerringar som var sikre på at eg hadde ei jente og ein gut. «Nei, det er to gutar», svarar eg. «Jammen eine har då rosa bamse?»… DET ER NASSE NØFF OG HAN SKAL VERE ROSA TENK… svarar eg, nesten utan å heve stemma… (vel, ho tredje dama merka nok antydning til irritasjon). Greit nok at alle som får jentebebisar kan setje ei hårklemme på dei tre fjona ongane har på hovudet for å vise at det er jente, men kva skal eg gjere for å vise at det er gutar? Teipe ein lastebil i skallen på dei?

Det verste er at Magne har trua med å måle stakkars nasse nøff blå… Gjett om den diskusjonen kjem til å ta seg oppatt i ettermiddag! Men er vel ikkje min feil at det ikkje er blå figurar i Hundremeterskogen?

Tussi er grå, men ho er so tung at gutane ikkje likar å ete på ho… endå..

Og muleg at heffalumpen er blå, men han er berre skummel…

2 Comments