Fyrste slåtten

Nærmar seg vel andre slåtten for dei fleste no, men ditta er fyrste og forhåpentlegvis siste slåtten for vår del.

Eg lurte på om me skulle hive oss rundt med ljåen, men det vart visst ikkje aktuelt – so superonkel tok seg ei økt med… veit faktisk ikkje kva den maskina heiter. Men effektiv, det var ho/dei.

Sophies choice?
Dings til høgre er vel ein slik som me har på mini-humla vår. Dings til Venstre av det meir kraftige slaget. Ikkje noko å lure på kva som her måtte nyttast…

Skogateigen før massakeren tok til:
vill-jungel

bzzzzzzzzzzzz

Gravemaskina til pappa vart køyrd inn på Nes i går. For ein uvitande som meg var det høgst interessant å sjå på avlessingi. Hadde eg ikkje sett det sjølv, hadde eg nok ikkje trudd på det… Det seier vel eindel meir om meg enn om gravemaskina =)

maskinlevering skal han hoppe?

 flying high

Neste gong eg såg ut, var Magne i full sving med riva. Berre ei hes so mangla =)
 slått

Spennande å sjå om hagen vår får litt meir preg av hage utover hausten…

2 Comments